I samband med Hellesyltdagane kommande helg vert det og avvikla terrengløp frå Hellesylt stadion. Garderobe og dusj finn ein og der.

LØYPE
Born: 0 – 15 år 1560 meter
Vaksne: 16 år og oppover 6600 meter

PREMIERING
Hellesylt Løp t-skjorte til alle som fullfører.
Hellesyltmedalje i bronse til dei som har delteke 3 gongar.
Hellesyltmedalje i sølv til dei som har delteke 6 gongar. 
Hellesyltmedalje i gull til dei som har delteke 10 gongar
Elles premierer vi dei som har delteke 15, 20, 25 gongar osv.
Alle medaljene har den kjente Hellesyltfossen som motiv.
Hellesyltløpet har og stort premiebord, gjeve av det lokale næringsliv. Gåvepremiane blir utrekt på startnummer.
Skrin av lokalt handverk blir utdelt til alle som når 15 års deltaking.

STARTKONTINGENT

Born kr. 70,-
Vaksne kr. 120,-

PÅMELDING
Påmelding løpsdagen frå kl. 12.00 – 13.30 på Hellesylt stadion. (Ver ute i god tid)

START
Laurdag 7. juli kl. 14.00 for alle klasser.

Arr.: Sunnylven IL Friidrett/Trim

Eventuelle spørsmål kan rettast til: Rune Hole (tlf 97730403)

Alle er hjarteleg velkomne

Sunnylven IL Friidrett/Trim

DELTAKING
Hellesyltløpet har kvart år god deltaking med rundt 90 som det meste i 2010. Også i år er det venta mange til start og fleire kjende namn innan bane- og langløp vil vere med. Også eit ti-talls deltakarar frå Lyn Ski i Oslo som har lagt treningsamling til Hellesylt under "Sommardagane," er påmelde.

LØYPEREKORDAR
Løyperekorden i klasse menn tilhøyrar Kristian Nedregård på tida 21.47 og er frå 2007. Mari Sollid Eide har rekorden for kvinner med tiden 27.05 frå 2010.

Kondis vil vere tilstade og lage reportasje på kondis.no

Les reportasje frå Hellesyltløpet 2011


Helge Hafsås vann herreklassen i Hellesyltløpet 2011


I fjor var det Inga Elise Nybø Vik som var raskast blant kvinnene i Hellesyltløpet


Hellesyltløpet går opp og ned langs Korsbrekkeelva som og er ei framifrå lakseelv