Bilete: Nissen byd godsaker til Torunn Baldersheim. 

Tekst og foto: Johannes Skogseide Børsheim, Strandebarm IL.
Det hadde vore sludd- og snøver tidlegare på dagen, men det vart opplettsver då karusellstarten nærma seg. Temperaturen var noko over null, men det var kaldt nok til at det byrja å bli litt isete nokon stader på riksvegen. Det vart ei fin trimstund i denne vakre adventskvelden.

Torild Kveberg var raskaste kvinne, og sogningen Jann Olav Tjøneland var fyrst blant mennene. Det var jamn aldersfordeling mellom born og vaksne, kvinner og menn. Under løpet dukka nissen opp i målområdet, og delte villig vekk twist og mandariner. I målområdet var det også gløgg og pepparkaker, slik det høver seg når det stundar mot jul.

Arrangøren trekte fleire gåvepremiar på startnummer ved avslutninga av arrangementet. Hovudpremien på kr. 500,- til bruk på Mo Sport i Norheimsund, vart vunnen av den flittige og gode deltakaren Vebjørn Kveberg frå Øystese. Arvid Tangerås vart heidra for lang og tru innsats i idrettsmiljøet i Strandebarm. Vinterkarusellen er no inne i sitt nittande år. Arvid Tangerås er hovudarkitekten bak Vinterkarusellen, og har vore hovuddrivkrafta i arrangementet i alle år. Frå nyttår byrjar han i ny jobb i Bergen Kommune. Tusen takk til Arvid for all god innsats i idrettslaget!

Friidrettsgruppa takkar alle deltakarane i vinterkarusellen til no, og ynskjer dei alle god jul !

RESULTATER VINTERKARUSELL STRANDEBARM,  løp 4, 16.12.2014:

Jann Olav
Tjønneland
14,37
Ove
Måge
14,47
Vebjørn Kveberg
Opsanger
15,23
John Olav
Måge
15,38
Knut Øystein
Fosse
16,14
Terje
Brurok
16,47
Torild
Kveberg
17,56
Oddvar
Hjertaker
17,59
Einar
Opsanger
18,14
Sivert
Håland
18,38
Ketil
Karlsen
18,46
John
Svahn
18,56
Hans Arne
Børsheim
19,02
Frode
Espeland
19,31
Irene
Tangerås
19,42
Samuel
Børsheim
20,14
Agnete Norheim
Kaldestad
20,26
Liv Berit
Eide
21,55
Mathilde Svåsand
Mundheim
22,42
Even Mundheim
Oma
22,47
Sondre Svåsand
Måge
22,48
Magne
Fosse
22,58
Arthur
Lillefosse
23,04
Herlaug
Kvamsøy
23,09
Vivi Irene
Fosse
23,25
Elisabeth
Fosse
24,31
Annhild
Oma
24,55
Vigdis
Håland
24,55
Karen
Matthiessen
25,48
Marit
Linga
25,48
Mona
Måge
26,03
Ann-Marie
Engevik
26,11
Turid
Lid
26,55
Maria
Markhus
27,26
Grete
Hjertaker
27,47
Mette
Lammedal
28,37
Torunn
Baldersheim
30,41
Elisabeth
Svåsand
33,59
Silje
Fosse
35,07
Tor Henrik
Fosse
35,22
Kitti Marie
Fosse
35,22
Alvhild
Tveitnes
37,02
Beate
Viken
37,13
Amalie Svåsand
Måge
41,59
Silje Kristin
Svåsand
41,59
Solveig
Måge
44,34