Runar Gilberg (50) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgGår ein veldig fort, spring ein, for det er ikkje noko eksakt skilje mellom gåing og springing. Det er ein gradvis overgang, som når vatnet stig og går over frå fjøre til flo sjø. Ytterpunkta er klare, men i midtpartiet glid det eine over i det andre. Dei som skal gå fortast, må gjerne springe litt, men ikkje så mykje at det blir tre åtvaringar og disk.  

Diagonal og fråspark
Klassisk langrenn er på ein måte langrennssportens svar på kappgang. Du skal frå A til B, men du får ikkje lov til å gjera det på den måten som går fortast. For at ikkje den klassiske skigåinga skal døy ut, har ho vorti verna i langrenn (men ikkje i skiskyting, skiorientering og kombinert). Løparane har langa ut i diagonalgang og dobbelttak med og utan fråspark – pluss aldri så lite skøyting i svingane. For sjølv om det ikkje er lov å skøyte i klassisk, så er det lov å bruke skøytetak til å svinge eller skifte spor. 

Dei seinare åra har stadig fleire klassiskrenn vorti vunni av folk som verken går diagonalgang eller tek dobbelttak med fråspark. Dei berre stakar – og skøyter ein del i svingar og når dei skiftar spor. Eller når dei står mellom spora og brukar eit og anna mikroskøytetak. 

Verneverdig?
Kan hende var klassisk langrenn verneverdig så lenge vi såg han utfalde seg med heile registeret som Gudmund Skjeldal skildrar så vakkert i denne BT-kronikken

Men no, med berre framoverbøygd staking att, gjerne iført skøytesko og med så mykje skøyting som dommarane tillet, så er det etter mi meining fint lite verneverdig att. Det blir kappgangparodi på nytt – med ski på føtene. 

Skal ein gå så fort som mogleg på blanke ski i hardpakka trasear, ja så skøyt i veg, seier eg, heile vegen til mål. Da treng ein ikkje dommarar og TV-overvaking. Da vil ikkje dei som vågar å jukse mest, få ein fordel. Ein kan rett og slett gå så fort ein vil – utan å tenkje på om skiene glir berre litt eller litt for mykje ut til sida. 


PS
Det som truleg gjer at klassisk med og utan festesmurning likevel får halde fram med å eksistere, er at dei mest populære turrenna går i klassisk stil. Fristil i Ski Classics byr ikkje berre på ein namnekrasj, men det vil òg, i alle fall på kort sikt, føre til færre deltakarar om løparane fekk lov til å gå på den måten som gir dei størst framdrift, og som ikkje krev overvaking. I "vanleg langrenn" definert som verdscup og meisterskapsrenn, der rein staking førebels er mindre utbreidd, er nok vegen til å oppheve vernet av klassiskgåinga kortare.