Kondismedlem Sponset innhold
(Foto: Christian Prestegård) Bildet av Anita Håkenstad Evertsen er teke ved omlag 2.000 moh med utsyn ut over m.a Lustrafjorden/Sogefjorden og Jostedalsbreen. Av og til får ein bokstaveleg tala oppleve å springe over skyene på Fanaråken.

(Foto: Christian Prestegård) Bildet av Anita Håkenstad Evertsen er teke ved omlag 2.000 moh med utsyn ut over m.a Lustrafjorden/Sogefjorden og Jostedalsbreen. Av og til får ein bokstaveleg tala oppleve å springe over skyene på Fanaråken.

Klart for det 14. Fanaråken Opp lørdag 6. august

Motbakkeløpet Fanaråken Opp i Luster som går frå Turtagrø Hotel 868 moh. til den høgastliggjande turisthytta i nord-Europa Fannaråkhytta 2.068 moh er også det løpet i Noreg som har den høgstliggjande målgangen.

Pt. ser det ut til at favoritten i dameklassa er evigunge Anita Håkenstad Evertsen, Øystre Slidre IL som i 2007 vart både europameistar (motbakkeløp) og verdsmeistar ( i langdistanse motbakke-fjelløp). Anita som no er 48 år (f. 1968) har løyperekordane i dameklassa i begge dei to løypene som har vore nytta i Fanaråken Opp.

Både i den løypa som vart nytta fram t.o.m 2010 (fra 2007) og i den utbedra og noko lengre løypa på 8,4 km med 1200 høgdemeter stigning f.o.m. 2011.. Løypa går frå Turtagrø Hotel 868 moh til toppen av Fanaråken 2.068 moh. TV2 stilte i ein artikkel spørsmål om dette er Norges vakreste joggeløype.

 

640_Starten Turtagrø 2014. Foto JoarVatlestad.SognAvis.jpg

Frå starten ved Turtagrø Hotel. Foto: Joar Vatlestad/Sogn Avis

 

Favoritten i herreklassa er i år Joel Dyrhovden, Samnanger, som har fleire pall-plasseringar i Fanaråken Opp (m.a. nr 2 både i 2014 og 2015) og tre NM-gull i motbakkeløp for junior. Joel var også på det norske juniorlaget som vann sølv i lagkonkurransen i VM motbakkeløp i 2008. Joel sprang sitt aller fyrste motbakkeløp i Fanaråken Opp i 2005. Joel har satsa mest på langrenn, men no har han lagd langrennskia «på hylla» for å satse 100 % på motbakkeløp.

 

640Joel_Dyrhovden_Foto_Chr_Prestegaard.jpg

Joel Dyrhovden i Fanaråken Opp 2008 då han sette si personlege bestetid med 1:01:57. I fjor vart Joel nr 2 bak fjorårets europameistar i motbakkeløp Johan Bugge som sette ny løyperekord med 56:46. (Foto Christian Prestegård)

I fjor passerte det samla deltakartalet i Fanaråken Opp 5.000 sidan starten i 2003. Dette talet inkluderar også deltakarar i Fanaråken Duatlon som vart arrangert fram t.o.m 2008 med sykling frå Lustrafjorden/Skjolden til Turtagrø og løpsetappe vidare som i Fanaråken Opp frå Turtagrø  til Fanaråken.

Tidlegare år har Fanaråken Opp hatt deltaking frå fleire topp internasjonale motbakkeløparar med medaljar frå EM og VM. Det har vore deltakarar frå 14 ulike land. I år har IL Fanaråk fokus på å arrangere eit flott nasjonalt og lokalt motbakkeløp. I dette ligg også eit ønskje om å få endå fleire trimmarar til å delta.

 

640pk_Målgangsbilde.FotoChrPr.jpg

I mål ved Fannaråkhytta 2.068 moh ( Foto Christian Prestegård)
 

Nytt i år er at deltakarar i trimklassa, som ønskjer det, kan nytte sykkel frå starten ved Turtagrø Hotel og innover den småkuperte grusvegen i Helgedalen dei fyrste 4,5 km av løypa til drikkestasjonen der løypa går over frå grusveg til bratt sti dei siste 4 km med 1000 høgdemeter opp til mål ved Fannaråkhytta. Arrangøren håpar at dette tilbodet kan få endå fleire trimmarar til å delta når det berre blir 4 km å gå opp frå Helgedalen til toppen/mål.

Etterpåmelding også løpsdagen ved starten på Turtagrø (løpskontor er i underetasjen på Turtagrø Hotel). Løpsleiar Anders Fortun melder til Kondis.no at det i år også blir høve til etterpåmelding løpsdagen i konkurranseklassa innan ein time før start. Dvs før kl. 10:00. Fellesstarten i konkurranseklassa er kl. 11:00. Det er ikkje etterpåmeldingsgebyr i trimklassa og i konkurranseklassa kun kr 25.

For meir info om påmelding, startkontingentar, premiering m.m sjå www.fanaraaken.com og facebooksida til løpet Fanaråken Opp.
 

640_Vidsyn_hytta.jpg