Mot deltakarrekord 14. april
Klart for det fjerde Skjold på tvers
Pressemelding frå arrangøren:
I april 2010 såg arrangementet Skjold på tvers dagens lys for første gong. Deltakinga overgjekk dei fleste forventningar: 246 personar - derav 26 i den tøffe eliteklassen - gjennomførte heile eller deler av den 23,8 km lange turen frå Hodnafjellet i vest til Søljåsen i aust. Vêret var høgst varierande, men ei rekke tilbakemeldingar viser at arrangementet vart godt motteke både i bygda og i regionen elles.
Skjold på tvers 2011 ble ein kjempesuksess med nesten 400 deltakarar totalt! Vi hadde sol frå klar himmel og nesten 20 grader.
Då ideen om Skjold på tvers vart fødd, var ein av tankane at arrangementet skulle vera årleg, og 15. april 2012 var det derfor tid for tur for tredje gong. Ny deltakarrekord med over 500 i aktivitet!
For fjerde gong - sundag 14. april 2013
Det ryktes allereie at mange fleire - i alle aldrar og kondisjonar - denne dagen skal ut og sjå på den vakre naturen bygda vår har å by på. Eksisterande turløyper frå ytterst til innerst knyter bygda naturleg saman.
Nytt for året er tilrettelagt løype for bevegelseshemma, barnevogn, rullestolbrukarar og andre som heller føler for å gå på asfalt denne dagen. Her er saft- og fruktstasjon som elles i fjelløypa.
Arrangør er ei undergruppe av Skjold Bygdalag, men ei rekke lag og organisasjonar i bygda vil også denne gongen vera involverte på ulike plan. Løypetraseen vil bli den same som sist, og logistikken rundt arrangementet vil ein i store trekk også kjenna igjen.
Den lengste løypa er på 23,8 km og passerer ni toppar. I fjor vann Per Øyvind Valen og Elin Steinsbø Fylkesnes på 2.10.34 og 2.35.08. Kortløypa er på 12 km, og ein skal over fire toppar.