Laurdag 30. juli er det klart for nytt motbakke-arrangement på Bakka, ei lita grend langt inne i Nærøyfjorden i Aurland kommune. Løypa er totalt 2,7 kilometer lang og av det litt tøffe slaget. Dei første 475 metrane er flat grusveg, men så går det bratt opp lia etter god sti til 725 moh. Som oppkøyring til dei lengre og bratte motbakkeløpa som kjem i august er trasèen heilt perfekt. Løyperekorden til Torbjørn Ludvigsen på 24.43 blei sett i fjor, og May Britt Buer har bestetid i dameklassen med 29.20 frå 2014.

13 og 14-åringane startar i eige felt klokka 12:20, og 10 minuttar seinare legg resten av konkurranseløparane i veg.
  
Arrangøren vonar særleg at turfolk tek turen til Rimstigen, og kan lova flott løype langs god sti som slyngar seg jamnt oppover i bratt terreng. På toppen er det spektakulær utsikt til fjordlandskapet i Nærøyfjorden Verdsarvpark, og om ein vil gjera turen lengre er det mogleg å gå vidare innover dalen til Rimstigbotnen eller til luftige toppar over fjorden.  Me lovar god premiering og avslappa stemning ved grendahuset på Bakka. Her er det også mogleg å ta seg ein forfriskande dukkert etter turen, og så er det varm og kald mat å få kjøpt.
  
Informasjon om løpet finst på denne lenken: http://www.naroyfjorden.no/opplev/e-co-rimstigen-opp-2015 

Påmelding kan gjerast her: http://www.naroyfjorden.no/opplev/paamelding-eco-rimstigenopp 

Arrangementet har eiga Facebookside: https://www.facebook.com/RimstigenOpp?fref=ts 

Arrangøren si heimeside ligg her: http://aurland-il.no/