PRESSEMELDING:

Laurdag den 28. juli er det duka for den andre utgåva av Rimstigen Opp, motbakkeløpet som i fjor samla 87 konkurranseløparar og 93 turgåarar.  Løypa går frå Bakka i Nærøyfjorden og opp til Rimstigen, 725 meter over havet. Starten er heilt nede ved fjorden, og den første halve kilometeren går flatt etter grusveg. Deretter svingar ein inn i lia, og følgjer Noregs brattaste kløvjaveg i vel 2,2 kilometer til Rimstigen. Kontrollmålingar i sommar viser ein stigningsprosent på kring 32 % i den bratte delen, men stien er god og sikker, og ingen treng vera redd for store høgder.
 
Frå toppen er det nydeleg utsikt til fjordlandskapet, og området eignar seg godt for pause. Turgåarane vert oppmoda om å starta mellom klokka 10.00 og 11.00, slik at dei kan vera med på å heia konkurranseløparane i mål. Deretter vert det retur til idylliske Bakka, og premieutdeling ved grendahuset. Her vert det selt mat og drikke, ein kan ta seg eit forfriskande bad i fjorden og nyta det mektige landskapet i Nærøyfjorden. Arrangørane lovar god premiering, og alle som deltek får ei flott T-skjorte som bevis på god innsats.
 
Rimstigen Opp inngår som eit av fire løp i Voss Oppturar Cup. Øyvind Sundby Heiberg, IK Tjalve har løyperekorden i herreklassen med gode 25.55. I dameklassen er det Merete Helgheim, Gloppen FIL som har bestetida med 32.40. Det vert lagt til rette for parkering i Gudvangen og transport tur/retur Bakka.
 
Informasjon og påmelding finst her: http://naroyfjorden.no/arrangement/arrangement/e-co-rimstigen-opp-2012-2

Slik gikk det i debutåret for løpet.



Med målet i sikte.  


Startfeltet i konkurranseklassen i 2011.
 

640_Naeroyfjorden