Det nærmar seg eit nytt motbakkeløp i Sogn, og denne gongen er det Rimstigen Opp som står for tur laurdag 28. juli. Starten er frå den vesle grenda Bakka i Nærøyfjorden, og målgang på Rimstigen, kring 725 moh. 

Løypa slyngar seg etter gamal og god stølsveg opp gjennom lia, og er av det bratte slaget. På toppen kan turfolk og konkurranseløparar nyta den flotte utsikten til fjordlandskapet, og om ein ønskjer er det fint å gå vidare inn til vatnet i Rimstigbotnen.

Etter retur til vert det bading i fjorden, premieutdeling og høve til å kjøpa mat av Bakka Grendalag.

Arrangøren vonar at mange turgåarar vert å sjå på toppen når konkurranseløparane kjem. Med tørr løype, slik det er i år, skal det bli spennande å sjå om nokon kan slå løyperekordane til Torbjørn Ludvigsen på 24.44 og til Karoline H. Kyte på 28.40.

Les reportasjen fra løpet i fjor:  Karoline Holsen Kyte sette løyperekord i E-CO Rimstigen Opp