For å gjennomføre vinterkarusellen må ein ha delteke på minst fem av dei åtte løpa. Mange har allereie vore med på fem løp, medan nokon står med fire løp til no. Mellom 50 og 60 deltakarar kan gjennomføre Vinterkarusellen denne sesongen, dersom dei deltek på det siste løpet på tysdag.

Etter løpet vert det karusellavslutning i kantina på skulen like ved. Her vert det trekking av gåvepremiar etter kveldens løp, m.a. gåvekort på kr. 500,-. Og so vert det sjølvsagt utdeling av medaljar til dei som har gjennomført vinterkarusellen. Til slutt trekker ein gåvepremiar, der hovudpremien er gåvekort på kr. 2000,- til bruk på Mo Sport.

Vinterkarusell starta i oktober med løp tredjekvar tysdag kl 19. Det har vore fire løp før nyttår og fire løp etter -. Men kun ein gong har det vore skikkelege vinterforhold denne sesongen. Elles har det vore mildt og for det meste bar asfalt. Strandebarm Idrettslag ser fram til det åttande løpet, og ynskjer alle vel møtt!  

IMG_8344.jpgGudmund Øvsthus på vei i adventløpet 2016
 

Kondisreportasje 2016
13.desember - løp 4  : God julesteming i Strandebarm da Ove Måge vant


Kondisreportasje 2012 : 
18.desember - løp 4 : Favorittene seiret i Strandebarm