TDS-15.jpg
TDS vinnerne 2015, Mari Aarskog Nesse, Tom Erling Kårbø og Lars Lunde.

Det blir Tour de Stord 20. og 21.mai. Fredag blir det prolog, lørdag formiddag jaktstart før "touren" avsluttes med Stord Rett Opp lørdag ettermiddag.

Gledelig at Stord friidrett fortsetter med nyskapingen Tour de Stord. Konseptet er endret litt for å gi andre enn dem som bor på "øyen" en bedre mulighet til å delta. Ved å legge starten til fredag ettermiddag og de øvrige to distansene på lørdag trenger ikke tilreisende mer enn en overnatting på Stord.


Tour de Stord hjemmeside

Påmelding Tour de Stord og Stord Rett Opp


IMG_0792.jpg
Torstein Tengsareid vant Stord Rett Opp 2015.



INFORMASJON

 

Lagkonkurranse

 

I Tour De Stord er det i år for første gang lagkonkurranse. Eit lag består av 3 løparar som spring kvar sin etappe. I lagkonkurransen er det følgjande klassar:

Dameklasse

Herreklasse

Mix-klasse. Lag i mix-klassen må ha minst ei dame på laget

 

Også i lagkonkurransen blir tidene omrekna etter veterantabellen, slik at ein konkurrerer på like fot uansett alder. I lagkonkurransen er det samanlagt tid for alle 3 etappane som gjeld.

 

Med lagkonkurransen vil Stord Friidrett signalisere at Tour De Stord skal vera eit breddearrangement med tilbod til alle, også til dei som synest 3 løp på 2 dagar blir i meste laget. Lagkonkurransen vil vera eit tilbod til bedrifter, lag, organisasjonar, treningsgrupper, vennegjenger eller andre som vil ha noko å trene mot. Her er det viktigaste å delta, men det vil sjølvsagt vera eit konkurransemoment også i lagkonkurransen. Det vil bli kåra vinnar i alle 3 klassane, men vel så riktig som å vinne kan det vera å konkurrere mot andre lag frå same bedrift, eller andre som ein vil samanlike seg med.

 

Tour De Stord er på Facebook, og me vil oppfordre deltakarar til å bruke Facebook til å utfordre andre, og til å byggje opp stemninga før løpet. Det er ikkje pengepremiar i lagkonkurransen, men deltakarpremie til alle som fullfører sin etappe.

 

Premiering

 

Det er pengepremiar til etappe- og samanlagtvinnarane i juniorklassane og klassane i senior-veteran.

 

Juniorklasse jente/gut: kr 1000 til vinnar av kvar etappe. Kr 3000 til samanlagtvinnarar.

Senior-veteran dame/herre: kr 2000 til vinnar av kvar etappe. Kr 5000 til samanlagtvinnarar.

 

Deltakarpremie Ein av samarbeidspartnarane til Tour De Stord er klesmerket "Kattnakken". I og med at siste etappe har målgang på Kattnakken, er det heilt naturleg at deltakarpremien blir eit Kattnakken-produkt. Grunder og designer Silje Vatna Ersland frå Stord har teke utfordringa, og har laga Tour De Stord-lua som i år skal delast ut til alle som fullfører minst ein etappe i Tour De Stord. Denne lua vil ikkje vera å få kjøpt, og vil vera eit eksklusivt hovudplagg for deltakarar i Tour De Stord 2016.

 

 

Påmeldingsavgift

 

Individuelle klassar: kr 200 pr. etappe. Kr 500 for alle 3 løp. I tillegg kjem eingongslisens for dei som ikkje har heilårslisens.
 

Lagkonkurranse: kr 600 pr. lag, inklusive eingongslisens for alle løparane.


tds-1.jpg

tds-2.jpg

tds-3.jpg



Kondisreportasjer 2015

Tom Erling Kårbø og Maria Aarskog Nesse leder Tour de Stord

Tengsereid og Nesse suverene i strålende Stord rett opp

Tom Erling Kårbø og Mari Aarskog Nesse vant Tour de Stord