Vignett-kondiskommentaren.jpgSlik er det ikkje lenger. Ekstreme mål krev ekstreme tiltak, og strikken blir som oftast strekt så langt som økonomien og dopingreglane tillet. Om ikkje lenger.  

For meg ville det vori lettare å vera einig i høgdehusforbodet til Norges idrettsforbund om ikkje det same forbundet var ein pådrivar på liknande område: rådyre glid- og smøreprosjekt, avansert astmamedisinering og no også eit klimarom til 15 millionar kroner. Alle desse tinga handlar om å skaffe seg ein fordel – om å bli best mogleg budd til å prestere på høgst mogleg nivå. 

Men på eitt punkt har ein altså vald å seie nei. Ein kan manipulere temperaturen, gliden og andedrettsorgana, men ikkje oksygeninnhaldet i lufta. Den varme lufta kan vi lage sjølv, men den tynne lufta må vi reise opp i fjellet for å finne. Sjølv om norske forskarar nyleg har funni ut at ein òg manipulerer blodverdiane med å trene i varme klimarom

Eg kan skjønne at dei idrettsutøvarane som skal konkurrere med dei beste i verda, ikkje finn det særnorske høgdehusforbodet særleg rettferdig. Korfor skal ikkje dei internasjonale reglane få gjelde i Noreg slik at det blir konkurranse på like vilkår? Korfor skal vi putte millionar inn i smøreprosjekt og varmerom medan vi samstundes avstår frå den fordelen eit høgderom kunne gitt? 

Alternativet til høgderom er trening til fjells høgt over havet. Sjølv ville eg heilt klart føretrekt det, akkurat som eg synes betre om å trene ute i sola enn inne i eit varmt og klamt treningsstudio. For meg er naturleg varme og frisk fjelluft livskvalitet uavhengig av effekten på prestasjonen. 

Men eg skjønner at dei som verkeleg vil bli best i verda, ønsker å ha sjansen til å drive høgdetrening heime hos sine kjære i låglandet. 

Og i desse klimatider, der ein prøver å minske utsleppa frå flyreiser, så kan høgdehuset framstå som eit miljøvennleg alternativ til høgdetreningsleirar i Sveits og Sør-Afrika. 

Kanskje kan løysinga vera at Idrettsforbundet rett og slett kallar høgderomma for klimarom? Så får O2-snapparane sitt og idrettsrørsla pussa litt på den ikkje alt for blanke miljøfasaden sin. 


Kommentaren stod på trykk i Kondis nr. 7 - 2019
 

Runar Gilberg (f. 1965) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton.