PRESSEMELDING

21. juni, kl. 12:00, går startskotet for Klondyke Opp – Vertikal kilometer Voss. Dette fjellaupet, som leverer 1000 høgdemeter på 3,6 km, er motivert av eit ynskje om å lage til eit skikkeleg sugande laup for alle som likar å springe til fjells. Laupet går opp ein særs bratt og luftig trasé og utsynet frå toppen er fantastisk. I Mellom-Europa er det ikkje uvanleg å konkurrere om kven som raskast kan leggje bak seg ein vertikal kilometer (1000 høgdemeter) og med Klondyke Opp har òg nordmenn fått denne sjansen. Klarar nokon å kome seg til topps på under 40 minutt? Den lokale skieliten er allereie påmeldt, med Kristen Skjeldal og årets kongepokalvinnar i Randonee, Lars Erik Skjervheim, mellom favorittane.

Arrangør er Voss IL. Sekretariat og start for Klondyke Opp er på Eenstunet (www.eenstunet.no), vel 5 km nord for Voss sentrum.

Meir informasjon er å finne på laupet si «heimeside»: www.facebook.com/klondykeopp  

Loeypa_700.jpg
Trykk på bilete for STOR utgave

Løypa

Biletet er teke 21. april, to månader før laupet skal arrangerast. Som ein ser går fyrste del av laupet på gras før ein svingar inn på ein grusveg. Etter vel 400 på denne grusvegen spring ein til skogs og her startar oppturen for alvor.  Halvvegs oppe i lia, på vel 570 moh. ligg ein drikkestasjon. Toppstøtet er ekstra bratt før det flatar litt ut mot slutten. Ved målgang har ein lagt bak seg 1000 høgdemeter.
 

Utsyn_fraa_Klondyke_640.jpg
Trykk på bilete for STOR utgave

Utsyn frå Klondyke
Biletet er teken frå Klondyke og ein ser ned mot Eenstunet og startområdet. Biletet gjev ingen illusjonar: det er bratt! Det er frå denne staden ein heldig person i trimklassen skal sitte på med tandem paraglider attende til Eenstunet frå. Vinnaren vert plukka ut via loddtrekking.


Klondyke_11mai_640.jpg

Bilete frå 11. mai

Biletet er teke av Svein Ulvund den 11. mai og illustrerar den fantastiske utsikta frå Klondyke. Ulvund er ein flittig fjellmann og legg kvar dag ut turbileta sine på http://www.vossnow.net/