Den 3. september er det klart for tredje utgåve av Klondyke Opp Vertikal kilometer Voss. Løpet er eitt av dei tøffaste stigningsløpa som finst, med så hard stigning at det har status som vertikalløp. Den stupbratte løypa leverer 1000 høgdemeter på 3,6 lengdekilometer. 

Klondyke Opp har ikkje krav til sekk. Du er fri som fuglen når du spring til topps og treng kun å tenke på dei 1000 høgdemeterane du skal forsere. Løypa er fin og springbar heile vegen til topps og i dei brattaste partia heng det tau du kan hjelpe deg opp med. På drikkestasjonen, halvvegs oppe i lia, vert det knept mellomtid. 

Bilete 3.jpg
Arrangørfoto: I dei brattaste partia kan ein bruke tau!

Under fjorårets løp vart det, trass i våt og sleip løype, sett nye løyperekordar både i dame- og herreklassen (sjå kondis sin reportasje: ). Therese Sjursen og Thorbjørn Ludvigsen sine bestetider skal verta vanskeleg å slå men med optimale forhold og med lette bein kan alt skje. 

Verdsmeisteren kjem også
Stian Angermund-Vik vart i sommar verdsmeister i nettopp øvinga Vertikal kilomter. Han knuste verdseliten i VM i Pyreneane og sprang der 1030 høgdemeter på vel 34 minutt. Stian har sprunge Klondyke Opp to gonger før. Sesongen til Stian har vore fantastisk med siger og løyperekord i nær sagt alle løp han har stilt opp i.  Arrangøren gler seg til å sjå kva Stian kan få til i dei bratte kneikene under Lønahorgi på laurdag.

Du vert rikt premiert på toppen ved å «sjå Voss frå lufta». Etterpå får du servert heimelaga betasuppe på låven på Eenstunet medan flotte premiar kjem spreke deltakarar i hende. Vel møtt til vertikal kilometer på Voss!

Heimesiden til Klondyke Opp - vertikal kilometer Voss

Klondyke Opp på Facebook


Bilete 2.jpgArrangørfoto: Sprek trimmar med 900 luftige høgdemeter ned til Eenstunet.