Eit klype er eit trangt skar. Start på Stordalen og Sævareid Grendahus. Etter 1.3 km motbakke, stort sett på grus og sti, kjem ein til Klype. Der snur løparane, og får same traseen nedatt. I alle år har løpet vore skipa til, men med minimale ressursar. 
I 2016 var det lagt lappar i alle postkassar lokalt i grendene Håland, Frette og Sævareid i Etne kommune. Desse tre små grendene er kjerneområdet. I tillegg var det sett opp plakatar i Skånevik og Etne. På løpsdagen var det regn og vind, men ein behageleg temperatur, 11/12 gradar.

10 turgåarar (inklusive Kondis sin "utsende") og 5 løparar, berre gutar frå 11 til 63 år.

Matias Berge i form igjen
Matias Berge hadde trent tidlegare på dagen, men ville gjerne delta på Klypeløpet. Som han har vunne ein gong tidlegare. Med godt skotøy tore han å setja fart, og sprang dei 2.6 km for fullt i den sleipe løypa. 10.42 er godt løpt av 15-åringen i ei løype meriterte Knut Erik Rame har gjort unna på 9.12. 

Klypelopet_resultater copy.png



IMG_4478.JPG
Matias og veslebror, Joakim varma opp seriøst

IMG_4485.JPG

IMG_4492.JPG
...så kom løparane. Her Matias i fint driv i motbakken rett før toppen. 

IMG_4498.JPG
Nr 2 Ørjan Løhaugen frå arrangøren IF Klypetussen (han hadde lege sjuk heile veka, men stilte likevel).

IMG_4515.JPG
Joakim Berge, tredjemann til topps - tredjemann i mål

IMG_4542.JPG
Fjerdemann på toppen Tobias S. rett føre Harald Måge. Begge IF Klypetussen. Mor til Tobias og kona til Harald var begge med i arrangørstaben.



IMG_4482.JPG
Vending ved varden på Klype


IMG_4561.JPG
Fint laga til under premieutdelinga.

Potensiale..?
Dette er ei fin løype, hyggeleg atmosfære, sal av vaflar og kaffi, og diplom til alle. pluss rikeleg med trekkjepremiar.
Om ein vil ha fleire deltakarar kan ein sjå på kor ein har annonsert, og om ein har vore tidleg nok ute. Det er mange løp som er små - som har potensiale til å verte større om ein tek dei rette grepa og er ute i god tid.