På facebooksida til Konradløpet kan ein lese følgjande:

Konradløpet er eit løp for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt (mest stigning i fyrste halvdel). Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet).

Prisar: Born:70. Vaksne: kr 120 pr person, og kr 300 for familie. 
Born er til og med 17 år, vaksne frå og med 18 år. Ein familie kan berre bestå av 2 vaksne.

Betaling ved henting av startnummer: 30. April frå kl. 18:30 til kl. 21:30, i Velledalen Grendahus.

For minikonrad er det ikkje førehandspåmelding. Påmelding før start.

Deltakarar får gratis frukost i Grendahuset med framsyning av den populære Konradfilmen. Alle deltakarar er også med i trekning om mange fine premiar.

Frist for web-påmelding på nettsida på Velledalen IL  er 30.april kl 14:00.

Konradløpet 2014 på facebook

Se Konradløpet på terminlisten

I fjor deltok 315 løparar på Konradløpet og 72 i MiniKonrad. Det blei og satt nye løyperekordar både i kvinne- og herreklassen. Les meir om det i linken under

Les reportasje frå Konradløpet 2013

 

Start_Konradloepet_2012_forhand
Frå starten på Konradløpet 2012


På nettsida kan ein og finne informasjon om MiniKonrad som går dagen før Konradløpet

MINIKONRAD
Vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut Ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert kvelden før hovudløpet - altså 30. april - med to startfelt.

Fyrst dei yngste utan tidtaking - start klokka 1830

Like etter 11 år og eldre med tidtaking - start klokka 1900.

Minikonradløypa er 1050 meter lang, 40 prosent på grus, 60 prosent på asfalt.

NB!: Påmelding løpsdagen - i god tid før start.

Her vart samtlege premiert, startkontingent kr 60,-

Tidlegare har skiskyttar og motbakkeløpar Hans Martin Gjedrem (med fleire NM-gull som senior) kasta glans over premieutdelinga og like eins skihopparen Tommy Lianes (217 meter). I 2013 hadde vi vitjing av Ivar Ulvedal med fleire gull frå Special Olympics World Winter Games, medan det i 2014 er Martine Lorgen Øvrebust, fersk NM-vinnar i langrenn (fristil) klasse J 17 år, som skal dele ut premiar.

Start og mål same stad som for hovudløpet; Brunstad i Velledalen (ved Jokerbutikken).

Deltakarrekorden i MiniKonrad er 112 frå 2012 og på bildet under ser vi nokre av dei.

Minikonrad_forhand