På facebooksida til Konradløpet kan ein lese følgjande:
Konradløpet er eit løp for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Løypa er 4,5 km lang etter asfalt, og stort sett ganske flatt (mest stigning i fyrste halvdel). Det er drikkestasjon i Holeøyane (etter halve løpet).
Prisar: Born:70. Vaksne: kr 120 pr person, og kr 300 for familie.
Born er til og med 17 år, vaksne frå og med 18 år. Ein familie kan berre bestå av 2 vaksne.
Betaling ved henting av startnummer: 30. April frå kl. 18:30 til kl. 21:30, i Velledalen Grendahus.
For minikonrad er det ikkje førehandspåmelding. Påmelding før start.
Deltakarar får gratis frukost i Grendahuset med framsyning av den populære Konradfilmen. Alle deltakarar er også med i trekning om mange fine premiar.
Frist for web-påmelding på nettsida på Velledalen IL er 30.april kl 14:00.
Se Konradløpet på terminlisten
I fjor deltok 315 løparar på Konradløpet og 72 i MiniKonrad. Det blei og satt nye løyperekordar både i kvinne- og herreklassen. Les meir om det i linken under
Les reportasje frå Konradløpet 2013
Frå starten på Konradløpet 2012
På nettsida kan ein og finne informasjon om MiniKonrad som går dagen før Konradløpet
MINIKONRAD
Vart fyrste gong arrangert i 2007. Den gongen var løpet for aldersgruppa 0-13 år, og samla 64 deltakarar. Tilbakemeldingane var positive. Seinare vart løpet utvida til å gjelde aldersgruppa 0-16 år (ut Ungdomsskulen). Løpet vert alltid arrangert kvelden før hovudløpet - altså 30. april - med to startfelt.
Fyrst dei yngste utan tidtaking - start klokka 1830
Like etter 11 år og eldre med tidtaking - start klokka 1900.
Minikonradløypa er 1050 meter lang, 40 prosent på grus, 60 prosent på asfalt.
NB!: Påmelding løpsdagen - i god tid før start.
Her vart samtlege premiert, startkontingent kr 60,-
Tidlegare har skiskyttar og motbakkeløpar Hans Martin Gjedrem (med fleire NM-gull som senior) kasta glans over premieutdelinga og like eins skihopparen Tommy Lianes (217 meter). I 2013 hadde vi vitjing av Ivar Ulvedal med fleire gull frå Special Olympics World Winter Games, medan det i 2014 er Martine Lorgen Øvrebust, fersk NM-vinnar i langrenn (fristil) klasse J 17 år, som skal dele ut premiar.
Start og mål same stad som for hovudløpet; Brunstad i Velledalen (ved Jokerbutikken).
Deltakarrekorden i MiniKonrad er 112 frå 2012 og på bildet under ser vi nokre av dei.