Runar Gilberg (50) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgDet er mogleg det var slik ein eller annan stad ein eller annan gong. Men slik er det definitivt ikkje lenger, og slik har det aldri vori alle stader. I Kenya og Etiopia er det det å springe langt som har status. Knapt nokon testar seg ut på sprint før dei prøver seg på mellom- eller langdistanse. Stadig fleire går rett på maraton utan å springe baneløp først.  

I Japan er det òg maraton- og maratonstafettar som har den store statusen. Her har aldri ein langdistanseløpar vorti sett på som ein mislukka sprintar eller mellomdistanseløpar. 

Eg er nett kommen heim frå Chamonix der mange av dei beste fjelløparane i verda  møttest til dyst i den løpsfestivalen som heiter Mont Blanc Marathon. Der er det distansar frå 80 km og nedover til eit bratt motbakkeløp med 1000 m stigning. Friidrettsbanen i Chamonix, som symptomatisk nok er berre 300 m, ligg stort sett ubrukt. Det er i fjella folk spring – og vil vera gode. Det som har status er å kunne bevege seg fortast opp og ned av dei mektige fjella – gjerne ein heil runde rundt Mont Blanc-massivet. Gjer du unna den 167 km lange runden med mest 10 000 høgdemeter opp og ned under maksimaltida på 46 timar, er du ein verkeleg idrettshelt. Dei raskaste spring ned mot 20 timar. 

Òg i Noreg får bakke- og ultraløp meir og meir status. Dersom ein er ein ung og lovande løpar, er ikkje det å skulle springe fort på 1500 m eller 5000 m einaste alternativet. Mange vel heller å springe langt i naturen i staden for raske rundar på ein kunststoffbane. 

Sjølv har eg drivi på med det meste av springing – frå 100 m på bane til 100 km på asfalt, frå 3000 m hinder til Ultra-trail du Mont Blanc, frå Råskinns-myrer til flate maratongater i Berlin. 

Eg har ikkje vori på topp i noko, men elska alt: knivinga og det å perse på banen, spenninga i vekslingsfeltet i Holmenkollstafetten, den fortetta atmosfæren i ein storbymaraton, den utrulege gleda over å springe lenger enn langt i fjella. 

Folk er ulike og meistrar ulike ting. Difor skal vi vera glade for at springinga er så mangfaldig at det er rom for alle, uansett talent, både fysisk og mentalt. Difor er det heller ikkje nokon grunn til å rakke ned på andre sine prestasjonar – sjølv om det ikkje er det ein sjølv likar best. 

Nivået vil sjølvsagt variere i dei ulike greinene, alt etter kor mange og kor mange av dei mest talentfulle som satsar, og det er ei naturlov at ein ikkje treng å vera like talentfull for å gå til topps i ein liten idrett som i ein stor. 

Men det er ikkje slik at Mo Farah greitt ville vunni Ultra-trail du Mont Blanc om han gjekk inn for det – like lite som Kilian Jornet ville vorti olympisk meister på 10 000 m om han gav opp fjellivet for å springe fort rundt og rundt på tartan. 

Leve mangfaldet, seier eg. Verda er vakker på så mange vis. Og det er òg den delen av ho som handlar om å springe.   

5000-maalgang_D4N3338.jpgSomme har eit hjarte som bankar for baneløping. Her vinn Mo Farah 5000 meteren i EM i fjor. (Foto: Bjørn Johannessen)