Spennande 11 km høgt oppe i fjellet på gamle E-76 - E-134. Vegen og løpet går som namnet seier langs Åkrafjorden. Fjorden er 3 mil lang og 656 m djup er målt. Løpet går på 11 km av gamlevegen. Kontrollmålt av Kondis. Arbeidet byrja i 1937 og offisiell opning 9. april! 1942. Då den nye Åkrafjordtunnelen på 7410 m vart opna io 2000, vart gamlevegen samstundes ei fantastisk turistoppleving.

Då Etnemarknaden, som er ei kjempesvær tilskiping, i år flytte frå den vanlege helga, fann IF Klypetussen ut at også "Langs Åkrafjorden" måtte flytta. Ny dato vart då laurdag 3. september. 

Gå, sykla, eller springa på tid
I 2014 vart løpet kjempepopulært med over 640 deltakarar. Då var "Kenneth Birkenes-marsjen" til inntekt for forsking på Ewings sarkom ein vesentleg del av opplegget. Kenneth Birkenes (oppvaksen i Etne) kom sjølv, og ein fekk samla inn rundt kr 665 000! 

Kari Handeland og Kenneth Birkenes.jpg
Kenneth Birkenes saman med medvandrar Kari Handeland

Elvis kom...
IMG_0858.JPG
Utruleg kva ein kan oppnå på ei tilskiping om berre kreativiteten og entusiasmen er på plass. Foto: Kondis/Sellevold

Veldig sterke løyperekordar
11 km med med m.a. 2.5 km samanhengande motbakke i starten, og elles kupert løype, må takast med i vurdering av tider. Maryna Novik frå IF Klypetussen, klarte etter mange forsøk, å sletta løyperekorden til Miriam Berg Hovda. Rekorden for kvinner er før årets løp 40.33.

Endå sterkare er likevel herre-rekorden til Laban Siro på 33.35 . Her vart vinnar av Montreaal Marathon i 2009, Francis Kipketer Chesume, nr. 2. Ein så sterk løpar som Ragnar Stølsmark har 3. beste tida.

Løpsdelen av Langs Åkrafjorden ventar framleis på å samla det store deltakarfeltet. Men dei som kjem, får ei flott løpsoppleving!


Ingeborg, søstrene og Laban.jpg
Laban Siro med tre spreke Øvernes ladies, Marie, Sigrid og Ingeborg (Stålesen), sistenemnde er gått bort sidan bilete er teke. Foto: Gisle Sellevold

Fin logo og positive media
Sidan starten er også rulleki komen med på programmet. Om det gjeld også for 2016 veit ikkje kondis.no, men det kan ein koma attende til når me får tilsend meir informasjon.

IMG_4706.JPGMedia har vore veldig positive til "Langs Åkrafjorden".                              Foto: Gisle Sellevold