Lindås Idrettslag må dessverre avlysa Lindås Halvmaraton som skulle gått 14. september. Løpet har dei siste åra slite med få deltakarar. Vi går no i "tenkeboksen" for å prøve å utvikle arrangementet og gjere det meir attraktivt i framtida. Så prøver vi å koma sterkare tilbake neste år. Vi legg heller ikkje skjul på at Friidrettsforbundet si innføring av tvungen lisens har svekka motivasjonen vår som arrangør."

Biletet: I 2014 vert Lindås halvmaraton avlyst. Her ser vi vinnaren i 2012, Linda Wendelberg, i den flotte løypa.