Løypa er eit naturleg val, for det går bilveg rundt heile Litledalsvatnet. Her er ikkje råd å springa feil. Lett kupert, med ein veldig lett siste 3 km inn mot mål ved Litledalen kraftstasjon.

Vatnet rundt med ein song....
Visekunstnaren Jimmy Næs har skrive og komponert song til dette fyrste ordinære "Vatnet Rundt". Den vil han framføra før start ca kl 12.45. Video med vakre bilete av fotokunstnaren Sonja Maria Høyland ligg ute på sida "Vatnet Rundt/Around the Lake" på facebook.Her finn ein óg ein video av heile løypa filma frå sykkel.


Flunkande ny song spesialkomponert for "Vatnet Rundt"

Påmelding finn ein via EQ-timing sitt system

Løyperekordane er frå prøveløpet i 2015
Kvinner: Ann Kristin Mosbron, Spirit, Stavanger   30.13
Menn:    Mats Hauge, Haugesund IL                 25.31


I tillegg til fyrstepremien på kr 2000,- utløyser rekordar kr 1000,-
2. premie er kr 1000,- og 3. premie kr 750,-

Men dette er løp for heile familien, så her er barneløp på 850 m med medalje til alle og ein heilt flat 1.8 km t/r  for rullestolbrukara som dei som ikkje klarer heile runda på 7.5 km.
   
Og mange fine trekkjepremiar. M.a. kr 1000,- frå arrangøren Etne Event.

Kondisrabatt og null lisens, - og pengar til Mercy Ships
Denne tilskipinga er i regi av det nystarta enkeltmannsføretaket Etne Event/Etne Oppleving. Då slepp ein å betala lisens til friidrettsforbundet og tilskiparane kan i staden gje pengar til ein veldedig organisasjon. I dette tilfellet Mercy Ships, som er ein internasjonal organisasjon som driver eit hospitalskip og oprerer fattige folk som ikkje har råd til å reisa på sjukehus. Heilt gratis! Og alt helsepersonell jobbar óg gratis!

To ferieløp på 6 dagar og kr 1000,-
Skal ein feriera i den vakre Etne kommune, kan ein starta med "Rullestadvatnet Rundt" sundag 10. juli. Det er 4.5 km og sterkt kupert. Er ein med på begge desse løpa, er ein og med i trekkjing av kr 1000,- som dei to tilskipingane sponsar. 


DSCN6038.JPG
Mange har sprunge med GPS rundt vatnet. Lengda har variert mellom 7.51 og 7.6 km. På komande måndag vil ein av Kondis sine kontrollmålare kontrollmåle løypa. Nøyaktig 5 km-passering vil bli markert.


DSCN6059.JPG
Sjå videoen på sida  "PÅ NÆSEVIS".