Runar Gilberg (49) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgVi har vori gjennom nok ei rik kondisjonshelg med Hytteplanmil, NM terrengløp, Maratonkarusell, Kystløp og langløp rundt Oslofjorden - for å nemne nokre av alle løpa vi kunne velje mellom berre på laurdagen. 

Somme synest det er synd at løp kolliderer. Mange som kunne ha gjort det godt i NM, stilte i staden opp i Hytteplanmila, og vice versa. Hadde ein slegi saman dei to felta, ville ein verkeleg fått sett kven som var landets beste. 

I Bergen var det dessutan intern kollisjon med både NM terrengløp og Maratonkarusell same dag med berre 2 kilometers avstand. Ein del meinte det var særs uheldig og dårleg planlagt. 

TRE STORE
Helga i førevegen gjekk mange store løp i austlandsområdet same dag – med Furumomila, Nøklevann Rundt og Ivar Formos Minneløp i spissen. Det er alle flotte løp i haustvakker natur, og mange skulle gjerne sprungi meir enn eitt av dei. 

Men det gjekk ikkje. Like lite som Sondre Nordstad Moen kunne sjekke om han kunne slå sin eigen Hytteplanrekord og likevel bli norsk meister i terrengløp. 

Karoline Bjerkeli Grøvdal ofra sannsynlegvis eit NM-gull da ho heller gjekk for sin tredje strake Hytteplansiger. Både vinnarar og andre blir godt teki vare på av Kvisgaard og co., så det er på ingen måte rart at folk kjem tilbake til Hytteplanmila år etter år. 

POSITIVT
I staden for å oie oss og klaga på kollisjonane, trur eg vi i staden skal sjå positivt på at så mange vil vera med at det blir rom for ei rad med arrangement same dag, ja til og med på så å seie same plass. 

For ei dryg veke sia vart det sett deltakarrekord i alle dei tre nemnde austlandsløpa – sjølv om ingen løparar fekk høve til å doble. Hytteplanmila klarte seg godt og sette klar rekord trass i både NM-kollisjon og lite lovande vêrmeldingar. 

I NM terrengløp kunne heilt klart deltakinga vori betre, men mange klassar med tynn deltaking har vi òg sett i år der det ikkje har vori kollisjon med andre storløp som til dømes Hytteplanmila eller Birkebeinerløpet (i den tida Birkebeinerløpet gjekk om hausten). Her må det nok ein ekstraordinær innsats til frå både arrangør og forbund om ein skal få fyldige felt i både ungdoms- og veteranklassane. Bøler klarte det før løpebølgja hadde slått inn for fullt i 2008, med 264 deltakarar. I år var det til samanlikning med berre 137.

MANGFALD
Sjølvsagt er det bra om arrangørane snakkar saman slik at ein i størst mogleg grad unngår at løp med omtrent same målgruppe kolliderer. Men i det store og heile skal vi sjå positivt på at aktiviteten er så stor at kollisjonar er uunngåelege. 

Mangfald er fint, i både naturen og idrettslivet. Difor vil eg gi kredit til alle dei som står på og steller til løp slik at vi får så mykje fint å velje mellom helg etter helg. 

Den dagen vi ikkje har nokon "uheldige kollisjonar" i Terminlista er eg redd for at vi har smått med både løparar og arrangerande eldsjeler i fedrelandet. 

Hytteplanmila-2014-v-8km-KD-24045_640.jpg
Hytteplanmila har auka år for år, og trass i gråvêr var det i den tiande utgåva med fleire enn nokon gong før. (Foto: Erling Pande Braathen) 

Her kan du lesa fleire Kondiskommentarar.