Ingress-biletet: Thomas Finshus frå då han vann Trongjo Opp i vår.

Thomas Finshus er arrangør av Sluseløpet 7. september i Skjoldastraumen

"Stord Rett Opp" går opp til Kattnakken fjernsynsmast. Løypa er stort sett grus, men også om lag 1000 m asfalt. Det vert notert mellomtid ved bommen etter 2857 m. Me ser at det er om lag halvegs reint tidsmessig.  Løypa er 4930 m og omlag 500 høgdemeter.

Oddmund Roalkvam still going strong
Bak seg hadde han "evigunge" Oddmund Roalkvam, Stord IL, på 55 år. Tid: 26.36. På tredje, eit nytt namn for underskrivne, Anders Rudal på 27.23. 

Deltakarrekord 
Det var også gledeleg ny deltakarrekord med 49 menn og 3 kvinner. I kvinneklassen må arrangøren, Stord IL ha mykje å henta til neste år. 

Maryna Novik vann kvinneklassen 
Maryna Novik, IF Klypetussen sprang på den flotte tida 32.31. Med det ville ho blitt nr 18 i herreklassen. Elise Roalkvam (dotter til Oddmund) fekk 37.59 og Ida Torvastad på 3. plass løp på 49.23.

Mathias Berge (13) imponerer - igjen
Mathias Berge, Stegaberg IL. Han vart nr 15 av 49 i herreklassen. Han er berre 13 år og fekk tida 31.32. Imponerande!

Tre beste: (i parentes tid for passering bommen)
Kvinner:
1. Maryna Novik,      IF Klypetussen   (15.55)   32.31
2. Elise Roalkvam,    Stord IL         (18.15)   37.59
3. Ida Torvastad,                      (23.57)   49.23


Menn: 
1. Thomas Finshus,   Stegaberg IL      (13.00)   26.02 (løyperekord)
2. Oddmund Roalkvam, Stord IL          (13.36)   26.36
3. Anders Rudal                        (13.36)   27.23