E-CO Rimstigen Opp blei ein suksess. 79 personar deltok i konkurranseklassen, kring 110 var med i turklassen og Thorbjørn T. Ludvigsen  frå Bergen Løpeklubb slo til med ein flott løyperekord på tida 24.43. Han betra dermed bestetida til Øystein Sylta med 17 sekundar. Andremann til topps var OL-medaljør Kristen Skjeldal, Voss IL med 27.23 og på tredjeplass kom Jakub Hejl med tida 28.16.
 
I dameklassen blei det ikkje uventa førsteplass til Eli Anne Dvergsdal, Gular. Ho fekk tidlegare i sommar sølvmedalje i EM i motbakkeløp, og vann med tida 31.04. På andreplass kom Therese Sjursen, Bergen Løpeklubb med 32.35 og på tredjeplass Anita I. Lilleskare, Bergen Løpeklubb med 32.51.
 
Også fleire andre løparar imponerte med løyperekordar i den bratte løypa frå Bakka til Rimstigen, 725 moh. I klasse G13-14 blei det rekord til Håvard Klakegg, Jølster IL med sterke 32.12, Kristen Skjeldal (45-49 år) sette klasserekord med 27.23 og Kjetil Dyrvik, Voss IL slo til med rekord i den sterke 50-54 årsklassen med 31.21. Han tok dermed "innersvingen" på Kjell Erling Mundal og Arvid Brudevoll som enda på andre og tredjeplass med tidene 32.12 og 32.20.
 
I dameklassen blei det sett to rekordar. Astrid Olafsdottir, FRI (klasse 50-54 år) betra bestetida til 37.45 og Anna M. Tråve, Lærdal IL sette klasserekord i 60-64 år med solide 38.32. 

RESULTAT HERRAR

RESULTAT KVINNER

FM3WAA89.jpg

IMG_2682.jpg

IMG_2632[1].jpg
Eli Anne Dvergsdal

IMG_2868[1].jpg
Frå venstre: Tre beste kvinner og menn: Jakub Hejl, Kristen Skjeldal, Thorbjørn T. Ludvigsen, Eli Anne Dvergsdal, Therese Sjursen og Anita I.Lilleskare (Foto: Jan Christian Jerving)

IMG_2828[1].jpg

Rimstigen20011B.jpg