Runar Gilberg (52) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgMen alle kan setje seg idrettslege mål. Mål som inspirerer og gir oss noko å strekkje oss etter. Mål som får oss til å ta treningsturen ut òg dei dagane da kuldegradene bit eller regnet høljar ned. Mål som gir den idrettslege delen av livet ei retning. Vi veit vi er på veg mot noko, og samstundes gjer det at vi ikkje er sikre på om vi klarer å nå målet, det heile desto meir spennande.

«Breaking 2.30»
Difor synest eg det er stileg når Jann Post og ein gjeng ivrige maratonløparar går ut med at dei har eit «breaking 2.30»-prosjekt på gang. 2.30 på maraton er langt frå verdsklasse, og det norske EM-kravet på distansen er 15 minutt fortare. Men for vanlege folk i 30- og 40-åra med jobb og kan hende familie så er det ein stor prestasjon å komma seg ned på 2.20-talet. Gjengen inspirerer seg sjølv og andre – til å leggje litt ekstra i treninga, til å ta den tidlege morgonturen, til å disponere kreftene rett når maratondagen kjem.

Eller Solfrid Haugen og Bodil Brå Alsvik som har sett seg som mål å springe maraton på under 4 og 5 timar. Kjensla av å perse er den same gode enten den magiske grensa heiter 3 eller 5 timar. Ein jobbar ut frå sine føresetnader, og persegleda er så personleg at den skal ingen ta ifrå oss sjølv om vi veit at det er mange som spring fortare.

Og for dei av oss som ikkje lenger er i persefasen i livet finst det likevel mange mål vi kan setje oss – som gjer idrettslivet litt rikare. Samlarane, dei som jaktar på både 100 og 300 maratonløp, kan friskt halde på sjølv om beina har mista litt av spensten. Opplevingsløparane, dei som reiser landet eller verda rundt for å finne nye løp, har alltid ei mengd med mål å sjå fram imot.

Framover i feltet
Og vil ein, trass i aukande alder og litt for mange mil i beina, likevel oppleva framgang, så er det berre å prøve seg på ting ein ikkje har satsa på før. Tipper 10 km-tidene i feil retning, så kan du likevel ha stor framgang i ultraløp. Eller kva med turrenn eller sykling? Der kan du i mange år få gleda av å bevege deg framover i feltet.  

For mange av oss er det viktigaste målet likevel å kjenna den daglege gleda det gir å vera aktiv, uavhengig av kor fort det går og kva slags mål vi har framføre oss. Har ikkje vegen mot målet meining, gir det heller ikkje meining å stable opp høge målsettingar. Så finn eit mål som ikkje primært gir deg prestisje hos andre, men som inspirerer deg til å gjera noko du sjølv blir glad av. 

Ha lukke på ferda – mot 2.29, 4.58, fem maratonløp på norsk jord eller alle 2000 m-toppane i fedrelandet! Nyt – og ver takksam – kvar dag undervegs.


Artikkelen stod på trykk i Kondis nr. 1 - 2018