37 som løp på tid er det meste IF Klypetussen har hatt i Trongjo Ned på mange år. Sjeldan har arrangøren fått så mykje skryt etter løpet.

Marius-Emil Salvanes frå Åkra IL på Karmøy er eit stort talent. Fredag ettermiddag sette han løyperekord i eit løp som har blitt arrangert i over 30 år og kor mange gode løparar har deltatt opp gjennom åra. Han kjem ikkje til å bli god, - han er god allereie.

Ingressbiletet: Marius-Emil Salvanes frå Karmøy forbetra løyprekorden med 40 sekunder. TRYKK PÅ BILETET FOR STOR UTGÅVE!

Løp 11 sekund fortare enn løyperekorden. Det heldt likevel ikkje til siger
Thomas Finshus kom attende til Frette éi veke etter han sette løyperekord i Trongjo Opp. Han var på jakt etter løyperekorden også i Trongjo Ned. Han klarte å slå Gunnar Årvik sin 10 år gamle rekord med heile 11 sekund.
Men det var ikkje nok å koma under rekorden i dag - han måtte også vinna løpet. Det gjorde han ikkje trass i den flotte prestasjonen. 17 år gamle Marius-Emil Salvanes gruste rekorden med heile 40 sekund! Dette stortalentet skal bli interessant å fylgja med i tida framover. 

Elisabeth Silde, Etne IL best av damene
Elisabeth Silde er trufast deltakar saman med familien på lokale løp. Ho er godt trent, men satsar ikkje så mykje på løping. Vinnartida hennar på 8.37 er ein god prestasjon - ei av dei betre kvinnetidene i Trongjo Ned. Løypa er så pass bratt fyrste 1600 m, at ho må seiast å vera tøff. I 2012 hadde Elisabeth 9.10, i fjor 9.01 og no 8.37. Fin progresjon.
Heile 10 damer/jenter sprang på tid. Det er utruleg lenge sidan tilskiparane i IF Klypetussen hadde så stor deltaking på kvinnesida på desse karusell-løpa.

Kjekt å sjå arrangementet frå denne sida
Dette sa løyperekordhaldar Maryna Novik, som grunna skade tok det piano i lag med si fem-år gamle dotter, Petra. Elles synes arrangøren, IF Klypetussen at det er fantastisk at ho som toppløpar kjem den lange vegen frå Vikedal, der ho er bondekone, og reiser om lag 50 km kvar veg.
Resultater:

Trongjo Ned  11. april 2014.
1650 m i svinger nedover – deretter ca 700m flatt til mål
Løp: 37 -  tur: 24 deltakarar. Totalt: 61.

Løyperekord på Marius-Emil Salvanes, Åkra IL, med 5.49. (Gamal: Gunnar Årvik, Rosendal Turn, 6.29)

Jenter:

1.

Elisabeth Silde

Etne IL

8.37

2.

Ida Torvestad

Privat

10.07

3.

Inger Constanse E Lunde

Etne IL

10.50

4.

Heidi Silgjerd

Etne IL

11.13

5.

Synnøve Sævareid

IF Klypetussen

11.37

6.

Lene Gregersen

Omega B.I.L.

12.03

7.

Maryna Novik

IF Klypetussen

13.39

8.

Petra Blikra

IF Klypetussen

13.40

9.

Malin Norheim Knutsen

Etne IL

16.01

10.

Silje Hjelmtveit

Etne IL

16.05

 

 

 

 

 

 

 















Gutar:

1.

Marius-Emil Salvanes

Åkra IL

5.49

2.

Thomas Finshus

Stegaberg IL

6.18

3.

Ørjan Løhaugen

IF Klypetussen

6.56

4.

Tor Arne Sandvik

IF Klypetussen

7.01

5.

Matias Berge

Stegaberg IL

7.09

6.

Steinar Finshus

Privat

7.21

7.

Nils Saltnes

IF Klypetussen

7.28

8.

Kjetil Espeland

Omega B.I.L.

7.31

9.

Jan Erik Fedje

Etne IL

7.35

10.

Odd Inge Torvestad

HTK

8.29

11.

Steffen Rafdal

Etne IL

8.32

12.

Willy Asbjørn Lunde

Etne IL

8.37

13.

Albert Nerheim Rafdal

Etne IL

9.32

14.

Torgeir E. Lunde

Etne IL

9.34

15.

Sander Hardeland

Etne IL

9.40

16.

Eirik Silde

Etne IL

9.50

17.

Mats Gunnar Norheim

Etne IL

10.04

18.

Tobias Sævareid Tesdal

IF Klypetussen

10.22

19.

Adrian S Sandvik

Etne IL

10.39

20.

Marius Fedje

Etne IL

10.53

21.

Anders Løhaugen

Omega B.I.L.

12.01

 

Thorbjørn Samland

IF Klypetussen

  7.36*

 

Skjalg Duesund

IF Klypetussen

  8.05*

 

Olav Samland

IF Klypetussen

  8.11*

 

Harald Måge

IF Klypetussen

  9.28*

 

Joachim Håkonsen

Åkra IL

10.17*

 

Gisle Sellevold

*Funksjonærløp

IF Klypetussen

25.23*


























































 

Tur:
Anita Blikra, Knut Lunde, Valborg Lunde, Oddvar Gregersen, Anne Britt Gregersen, Kjersti Markhus, Bjørg Astrid Sævareid, Gina S. Sandvik, Kirsten Flatebø, Sigrid Øvernes, Bjørn Kristiansen, Leif Fosse, Sigrid Løvereide, Johanne Åkra, Johannes Silde, Linn Silde, Olav Sævareid, Knut Dahlgren, Anne Lise Norheim, Elin Udstuen, Kjell Håkonsen, Hanna Amalie Håkonsen, Håkon Håkonsen, Kristina Håkonsen.

Dessverre kolliderte Trongjo Ned med Sævareid og Stordalen ungdomsslag sin basar. Det gjorde at det var færre turgåarar enn vanleg. Totalt var det likevel 62 deltakarar i kveldinga fredag. 

20140411_182833_640x480.jpg
Ein del av dei startande har stilt opp ei stund før starten gjekk                         Foto: Gisle Sellevold/Kondis

20140411_180910_640x480.jpg
Marius-Emil Salvanes frå Åkra IL med supert løp og løyperekord i Trongjo Ned