Uver i forkant, regn på dagen og regn i vente gjorde at IF Klypetussen var strålande fornøgd med heile 106 deltakarar. 2 på rulleski, 27 sykla, 57 gjekk og 20 meir eller mindre raske løparar.

Maryna Novik, IF Klypetussen  og Lars Lunde, Stord IL raskast
Maryna Novik og Lars Lunde gjorde begge solide løp i den 7 km lange og godt kuperte nye løypa. 24.13 på Lars og 26.33 på Maryna. 

Lars Lunde hadde fått melding frå Kondis om at løypa på grunn av ras var flytt. Maryna var ordentleg sugen på å testa formen i original-løypa. Ho har sjølv løyperekorden på 40.33. Begge to var skuffa over at ein ikkje kunne springa originalen. Lars hadde klubbrekorden til Stord IL i tankane. 37.39 hadde Nils Hetleflåt då han vann  det fyrste løpet i 2003. Nils er no supertrenar i Stord IL. 

106 mot 650 = potensial
Sein og mangelfull annonsering er nok hovudgrunnen til at deltakartalet stoppa på 106. Det vanlege er mellom 250 til 330. Høgdepunktet då Jorunn Halsnes dro igang Kenneth Birkenes-marsjen saman med vennina Anne Britt Grindheim. Då var det rundt 650, og innsamling av ca 650 000 til kreftforsking på Ewings sarkom.  Det meste handlar om marknadsføring, i rett målgruppe og til rett tid og atmosfære.

 

RESULTATER FRA KONKURRANSEKLASSENE:

Kvinner:        
1   Maryna  Novik IF Klypetussen 26.33 KV 35-39
2   Solveig  Aksnes Privat 29.50 KS
3   Monica  Rasmussen Avaldsnes IL 34.03 KV 40-44
4   Line Toftlund Privat 39.33 KS
5   Helene Meister Privat 39.33 KV 35-39
6   Kjersti Andersen Odda O-lag 45.00 KV 50-54
             
Menn:        
1   Lars Lunde Stord T&IL 24.13 MJ
2   Matias Berge Stegaberg IL 26.39 G-15
3   Tor Arne  Sandvik IF Klypetussen 26.46 MV 40-44
4   Ronny Rasmussen Avaldsnes IL 27.01 MV 40-44
5   Niklas Rasmussen Avaldsnes IL 27.46 MJ
6   Ørjan  Løhaugen IF Klypetussen 28.17 MS
7   Einar H. Hauge Team Eivindsvn. 28.54 MV 40-44
8   Nils Saltnes IF Klypetussen 29.11 MV 35-39
9   Kristoffer Ekornrud IF Klypetussen 30.14 MS
10   Sindre  Ekornrud IF Klypetussen 30.39 MS
11   Joakim Berge Privat 32.32 G-13
12   Kjetil Nygård Seljelid Privat 33.02 MS
13   Knut Langhelle Ølen IL 38.18 G-15
14   Gisle Sellevold IF Klypetussen 44.49 MV 65-69
             
Rulleski:        
1   Tøres Rullestad IL Korlevoll 15.08 G-16
2   Sander A. Faugstad IL Korlevoll 23.16 G-13


Alle deltakarane fekk med seg gode spekeprodukter frå lokalt firma etter målgang. Her var det jubileumsfeiring på både pølsefabrikken og på Åkrafjordtunet, og til neste år har Langs Åkrafjorden sitt jubileumsløp med 15. gong.