Vellukka romjulstrim i Etne?
Kva tyder det at noko er vellukka?
Det spørst på innfallsvinkelen.
I denne samanheng vert det knytt til at dei få som kom, skrytte av tilskipinga.

Vatnet Rundt er eit konsept i regi av nystarta Etne Event/Etne Oppleving. Barneløp, kortløype som er meint også for rullestolbrukarar, og 7543 m rundt vakre Litledalsvatnet. I tillegg er det karusell med nytt løp 2. påskedag (17. april.) , og hovudløp 15. juli.

Kjempesesong for Maryna Novik og Tor Arne Sandvik!
Begge to representerer IF Klypetussen, og har hatt vidare sportsleg framgong. Maryna kom heilt ned ned på 1.22.13 i hustrig ver i tung løype under Karmøy Maraton. Men det var symptomatisk at etter løpet skrytte Maryna over løpstilhøva og arrangøren. Like smålåten er Tor Arne (f. 1975). Han persa seg med 10 minutt  i same halvmaraton. 1.25.10 har nordsjøarbeidaren avslutta sesongen 2016 med.

No passa det å opna reportasjen frå "Romjulstrimmen" med ei kort presentasjon av dei to, for det var nemleg dei same to som vann dame- og herreklassen i "Romjulstrimmen/Vatnet Rundt". Maryna var fyrst av alle med 28.13, men 41-årige Tor Arne Sandvik var berre 39 sekund bak med 28.50 og pers. Ingen løyperekordar og då stig løyperekordpremien med kr 500,- til hovudløpet 15. juli. Den er no komen opp i kr 2500,-.

Knalldebut av Gerd Sigrid Bjørgen!
13 år gamle Gerd Sigrid Bjørgen er ei allsidig idretssjente, og er med i fleire idrettsgreiner. No debuterte ho i "Romjulstrimmen/Vatnet Rundt" med 36.31. Her eit eit supert friidrettstalent.
Kristine Selland er eitt år yngre, og gjennomførte på finfine 41.04. Også det ei talentfull ung jente.

Etne Event fyrste arrangør med den nye kondis-rabatten...?
Kondis har oppgradert rabatten medlemmar får i "K"valitetsløp frå 2017. Etne Event vil vera med der heile vegen. Ja, dei innførte rabatten alt i "Romjulstrimmen", siste løp i 2016. Kan henda kan dei skryta av å vera fyrst ute. Rabatten har vore den same i mange år, så no meinte Kondis det var på tide med ein auke. Det syns Etne Event var rimeleg og innførte rabatten på kr 40,- alt i siste løp i 2016.

Alle foto: Kondis v/Gisle Sellevold

Romjulstrimmen_vinnerne_640_IMG_6089.jpg
Maryna Novik og Tor Arne Sandvik, begge IF Klypetussen, vann hhv. kvinne- og herreklassen

Fleire bilete under resultata.

Resultater:
Romjulstrimmen Vatnet Rundt - 27. desember 2016 - lang løype 7543 meter

Kvinner:          
1. Novik  Maryna 1981 IF Klypetussen 28:11
2. Bjørgen  Gerd Sigrid 2003 Etne IL 36.31
3. Selland Kristine 2004 Etne IL 41.04
4. Mæland Ingunn 1964 Privat 71.20
5. Hardeland Målfrid 1954 Privat 71.27
6. Hardeland Wenche 1979 Etne IL 71.28
           
Menn:          
1. Sandvik Tor Arne 1975 IF Klypetussen 28.50
2. Saltnes Nils 1979 IF Klypetussen 31.55
3. Norenes Ståle 1987 Team Sport 1 Etne 33.24
4.  Seljelid Kjetil Nygård 1982 Privat 35.49
5. Duesund Skjalg 1948 IF Klypetussen 35.58
6. Henriksen Trygve G. B. 1969 IF Klypetussen 40.52
7. Måge Harald 1954 IF Klypetussen 41.21
8. Halleland Leif 1942 IF Klypetussen 49.47
9. Sellevold Gisle 1951 IF Klypetussen 55.17
10. Rullestad Martin 1962 Privat 71.20


Kort løype 1800 meter 
Barn 

  Tendal Erik Samland 2006 IF Klypetussen 03:56
  Blikra Petra 2008 IF Klypetussen 03:59
  Blikra Anita 2010 IF Klypetussen Fullført
  Samland Noah 2009 IF Klypetussen Fullført


Kort løype 1800 meter 
Voksne

  Henriksen Sigrid J. B.  1941 IF Klypetussen Fullført
  Håkonsen Kjell 1943 IF Klypetussen Fullført
  Bjørgen Terje 1965 Etne IL Fullført



Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_Kristine_Selland_640_IMG_6085.jpg
Nr. 91 - Kristine flyg like fort som både den eine og den andre frå Sørumsand. Well done, Kristine!


Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_Gerd_Sigrid_Bjørgen_640_IMG_6076.jpg
Knall-debut av Gerd Sigrid Bjørgen rundt Litledalsvatnet i Etne! 36.31 på 7543 m.

Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_Maryna_med_barn_640_ IMG_6037.jpg
Fire femdelar av familien Novik Blikra sette farge på fyrste offisielle utgåva av "Romjulstrimmen".

Romjulstrimmen_Vatnet_Rundt_glass_fra_Ungarn_ IMG_6093.jpg
Premiane handla inn frå Ungarn i oktober vart sette pris på av løparane.