Vi saksar frå pressemeldinga til arrangøren:

Arrangør av Mefjellet Opp er Valldal Idrettslag. Laget vart skipa i 1919 og  arrangementet inngår som ein del av laget  si 100 års markering.  Mefjellet opp vert i år arrangert  for 13. gong. Løpet startar heilt nede ved fjorden i Fjørå på Sunnmøre og går til toppen av Mefjellet. Då har løparane lagt bak seg 1100 høgdemeter og ein distanse på knappe 7 kilometer. Løypa går på asfalt, skogsti, seterveg med grus og gras og siste delen til toppen går i fint fjellterreng. 

I løpet er det både konkurranseklasser og mosjonsklasse. Arrangøren forventar om lag 150 deltakarar i konkurranseklassene og minst tilsvarande i mosjonsklassa. Fristen for påmelding er enno ikkje ute, men det er allereie mange  sterke namn på startlista. I herreklassa  er Johan Bugge påmeldt. Han har i alt 6 totalsigerar til Mefjellet og har vist storform, ma med løyperekord sist helg i Varden opp i Langevåg. Bugge har dei siste åra vore ein av Noregs beste motbakkeløpar og har vunne EM-gull i motbakkeløp og i 2018 vart han nr 5 i VM. Men Bugge kan få knallhard konkurranse frå Killian Jornet, verdas beste langdistanse fjelløpar. Jornet sette for to veker sidan ny løyperekord i Geiranger halvmaraton med ein margin på to minutt, i ei løype han synes vart litt for flat!  Dette kan verte litt av ein duell. Kanskje står Johan Bugge sin løyperekord til Mefjellet på 42,57 for  fall. Men heile norgestoppen i motbakkeløp er på startstreken, så det vil nok vere fleire som kjempar om sigeren. 

I kvinneklassa er også sterke namn til start.  Merete Helgheim, Anita Iversen Lilleskare og tvillingane Anna og Emma Hanstveit vil truleg kjempe i teten, men det er forventa at fleire sterke løparar kjem  til innan påmeldingsfristen går ut.  Løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen på 51,21 frå 2010 kan nok verte hard å slå. 

Dette er noko det er vel verd å få med seg. Det er idrett på svært høgt nivå. Alle kan vere med som deltakarar i mosjonsklassa. Dersom ein startar  i  god før  konkurranseklassa startar, vil det vere muleg å følgje løparane det siste stykket opp mot toppen og målpassering. 

Etter løpet og når alle er vel nede att, er det premieutdeling i Martin Linge-huset i Valldal både for NM, Mefjellet opp og mosjonsklassene. Der er det også garderober. 

Valldal IL ser fram til ein spennande laurdag i bakkane mot Mefjellet   

Påmelding her

For meir info, sjå nettsida

Utsikt