Motbakkeløpbølgja mot nye høgder i 2008
Foto+Christian+Presteg%E5rd.%0D%0AMedia+skreiv+mest+om+Jon+Tvedt+i+2007+sj%F8lv+om+det+var+Anita+H%E5kenstad+Evertsen+som+stod+for+dei+st%F8rste+prestasjonane+med+b%E5de+EM-+og+VM-gull+i+motbakke-fjell%F8p.+Ogs%E5+Kirsten+Melkevik+Otterbu+m%E5+framhevast+med+sin+bronsemedalje+fr%E5+EM+i+motbakkel%F8p.+Jon+Tvedt+fekk+ogs%E5+stor+merksemd+i+TV-programmet+p%E5+NRK1+%C5ret+det+var+s%E5+bratt.+P%E5+bildet+har+Jon+kun+100+h%F8gdemeter+igjen+til+sitt+tredje+strake+NM-gull+i+motbakkel%F8p+11.+august+i+%E5r+2.068+moh+ved+Nord-Europas+h%F8gastliggjande+turisthytte+p%E5+Fanar%E5ken.
Foto Christian Prestegård. Media skreiv mest om Jon Tvedt i 2007 sjølv om det var Anita Håkenstad Evertsen som stod for dei største prestasjonane med både EM- og VM-gull i motbakke-fjelløp. Også Kirsten Melkevik Otterbu må framhevast med sin bronsemedalje frå EM i motbakkeløp. Jon Tvedt fekk også stor merksemd i TV-programmet på NRK1 Året det var så bratt. På bildet har Jon kun 100 høgdemeter igjen til sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp 11. august i år 2.068 moh ved Nord-Europas høgastliggjande turisthytte på Fanaråken.
Aldri har det vore skreve meir, og aldri har det vore skreve større og meir praktfulle artiklar om den fantastiske oppturen for motbakkeløping i Noreg.
I 2001 var det 6 motbakkeløp i Noreg. I år har det vore arrangert 55 motbakkeløp med om lag 17.000 deltakarar. I utklippsarkivet mitt har eg utklipp frå om lag 50 aviser og magasiner tilsvarande 140 heilsider flott PR. I tillegg er det skreve meir enn 100 reportasjar på ulike nettsider og blant dei særs mange praktfulle bildereportasjar.

Begeistring kan utrette mirakler og dei praktfulle bildene med entusiastiske deltakarar i tusental frå fjelltoppane går rett inn i hjarterota på det norske folk inkl. media. Motbakkeløpbølgja blir større og større og oppturen ser ut til å nå nye høgder også i 2008 ! I 2007 vart senior-NM i motbakkeløp arrangert for tredje år på rad. Nytt i 2007 var at også NM i motbakkeløp for U23 og veteranar vart arrangert saman med senior-NM i Fanaråken Opp. Sjå bildereportasjen frå NM motbakkeløp 2007 for senior, U23 og veteran..

I 2008 er det Storehesten Opp som er trippel-NM-arena.

Nytt i 2008 er også POWERADE Norges-cup i motbakkeløp med 6 løp.

Motbakkeløp er meir enn idrett, det er multidimensjonale opplevingar med utsyn, vidsyn og klarsyn på meir enn den praktfulle og storslagne naturen.
Det er planar om mange nye løp og mange arrangørar melder om store planar for 2008. Førebels er det meldt om 6 nye løp i 2008. Det betyr at det blir arrangert over 60 motbakkeløp i Noreg i 2008 ! Mange arrangørar meinar at motbakkeløp opp på praktfulle fjelltoppar er den flottaste PR som dei kan gje den regionen dei bur i ! Skal du sjå kor flott naturen er så kan du ikkje stå nede i tronge dalar. Då må du OPP på toppane for å få utsyn og vidsyn !
Registrer løpet i terminlista på kondis.no i dag !
Då Kondis-terminlista for 2007 vart trykt i april var det registrert 47 løp. Det blei arrangert 55 løp ! Utvalet for motbakkeløp i NFIF vil oppfordre alle som skal arrangere motbakkeløp i 2008 om straks å registrere løpa sine på Kondis.no ! Vi ønskjer å gje media korrekt info om motbakkeløp-menyen 2008 tidleg på nyåret ! I skrivande stund er det berre 20 løp som er registrerte på kondis.no under kategorien motbakke-fjelløp.

Jo tidlegare løpet blir registrert, jo meir PR får løpet !
Dersom løpet ikkje er registert innan 1. mars så kjem løpet heller ikkje med i den store samla oversikten over alle motbakkeløpa som blir trykt i KONDIS-terminlista. Dessutan vil det i 2008 bli omfattande internasjonal marknadsføring av den norske motbakkeløpmenyen !
.

Send også info om nøyaktig distanse, høgdeskilnad mellom start og mål og samla stigning med kopi til christian@prestegaard.no

Dersom de treng hjelp til registreringa kan de sende mail til
terminlista2006@gmail.com v/ Bjørn Johannessen tlf. 48 99 94 60
el. web. red. Heming Leira på Webmaster@kondis.no

Hald deg springande orientert, DAGLEG, på kondis.no !
Foto Christian Prestegård. GULL og BRONSE til Anita Håkenstad Evertsen og Kirsten Melkevik Otterbu i EM i motbakkeløp i Frankrike 8. juli i år ! Skal vi få oppleve slik jubel i eit EM el. VM i motbakkeløp på norsk jord må vi få ein arrangør som kan lage ei løype som tilfredstiller løypekrava til EM og VM.

Les desse artiklane:
Krav til løyper i NM, EM og VM i motbakkeløp !

Artikkel frå 2005 på Kondis.no

Løypekrav i EM og VM
Foto%3A+Remi+Steinegger.+%C5rets+andre+store+internasjonale+h%F8gdepunkt+for+Anita+og+norsk+motbakke-fjell%F8ping+%21+Anita+spring+her+inn+til+GULL+i+VM+i+langdistanse+fjell%F8p+i+Jungfrau+Marathon+i+Sveits+8.+september.
Foto: Remi Steinegger. Årets andre store internasjonale høgdepunkt for Anita og norsk motbakke-fjelløping ! Anita spring her inn til GULL i VM i langdistanse fjelløp i Jungfrau Marathon i Sveits 8. september.
Ha eit praktfullt Godt Nytt År på OPPTUR !

Mvh

Christian Prestegård

Fagansvarleg og leiar i Norges Fri-idrettsforbunds utval for motbakkeløp
Redaktør på kondis.no/motbakke