Arrangør Ulvik IL med eldsjel Johan Børsheim og Haakon Innset i spissen satsar friskt på å gjere løpet til eit topp nasjonalt løp Dei har ambisjonar allereie etter premiereløpet i år 26. juli å søkje om NM i motbakkeløp 2010 for senior, junior og veteraner.
Foto+Christian+Presteg%E5rd.%0D%0AKristen+Skjeldal+har+allereie+testa+l%F8ypa.+26.+juli+er+han+ein+av+to+favorittar+i+herreklassa+saman+med+Jon+Tvedt.+Tvedt+er+no+p%E5+h%F8gdetrening+i+Italia+og+Austerrike+for+%E5+f%F8rebu+seg+til+%E5+m%F8te+verdseliten+i+motbakkel%F8p+i+La+Sportiva+Fanar%E5ken+Opp+9.+aug.+og+Adidas+Sk%E5la+1848m+rett+opp+16.+aug.+%0D%0A26.+juli+kjem+han+stinn+av+trening+direkte+fr%E5+store+h%F8gder+i+mellom-Europa+til+Kvasshovden+Opp.+Difor+kan+det+denne+gongen+kanskje+bli+kamp+om+sigeren.+Fotoet+viser+Skjeldal+p%E5+veg+til+s%F8lvmedalje+i+fjor%E5rets+NM+i+motbakkel%F8p+i+Fanar%E5ken+Opp.
Foto Christian Prestegård. Kristen Skjeldal har allereie testa løypa. 26. juli er han ein av to favorittar i herreklassa saman med Jon Tvedt. Tvedt er no på høgdetrening i Italia og Austerrike for å førebu seg til å møte verdseliten i motbakkeløp i La Sportiva Fanaråken Opp 9. aug. og Adidas Skåla 1848m rett opp 16. aug. 26. juli kjem han stinn av trening direkte frå store høgder i mellom-Europa til Kvasshovden Opp. Difor kan det denne gongen kanskje bli kamp om sigeren. Fotoet viser Skjeldal på veg til sølvmedalje i fjorårets NM i motbakkeløp i Fanaråken Opp.
Det er gjort grundige førebuingar ikkje minst når det gjeld å lage ei variert og framtidsretta løype og kreativ PR og marknadsføring for å gjere løpet kjend for heile Noreg. Heile Noreg vil nok sperre opp augene når dei får sjå Ulvik’s mest kjende politikar Lars Sponheim og andre meir eller mindre landskjende politikarar på OPPTUR i raskt tempo mot Kvasshovden i Ulvik ( i Hardanger !) i den nye folkesporten MOTBAKKELØP ! I dette løpet vil alle politiske parti og politikarar være på OPPTUR og kunne skryte av det etterpå med god grunn !

Kvasshovden Opp er meir enn politikarNM. Løpet er for alle ! Det er konkurranseklassar for alle over 14 år og mosjonsklasse utan tidtaking.

Sjå www.kvasshovdenopp.no for meir info.

I konkurranseklassane håpar Ulvik IL på stor og god deltaking i konkurranseklassane med Jon Tvedt og Kristen Skjeldal i spissen. Skjeldal har testa den flotte løypa som iflg arrangør Johan Børsheim også har vore mykje nytta av krinslaget i langrenn når dei har vore på treningssamling i Ulvik.
Foto%3A+Christian+Presteg%E5rd.+N%E5r+du+kjem+i+m%E5l+p%E5+Kvasshovden+vil+du+h%F8yre+den+krystallklare+r%F8ysta+til+TOPP-speaker+Dag+Lindebjerg.+Han+vil+ogs%E5+leie+premieutdelinga+kl.+16.30+p%E5+Rica+Brakanes+Hotel+i+Ulvik.+Her+ser+du+Dag+Lindebjerg+2000+moh+p%E5+Fanar%E5ken+i+fjor+under+NM+i+motbakkel%F8p.
Foto: Christian Prestegård. Når du kjem i mål på Kvasshovden vil du høyre den krystallklare røysta til TOPP-speaker Dag Lindebjerg. Han vil også leie premieutdelinga kl. 16.30 på Rica Brakanes Hotel i Ulvik. Her ser du Dag Lindebjerg 2000 moh på Fanaråken i fjor under NM i motbakkeløp.
I konkurranseklassane håpar Ulvik IL på stor og god deltaking med Kristen Skjeldal i spissen. Skjeldal har testa den flotte løypa som iflg arrangør Johan Børsheim også har vore mykje nytta av krinslaget i langrenn når dei har vore på treningssamling i Ulvik.

Løypelengda og høgdeskilnaden er ikkje så ulik den som damer senior og herrar junior skal springe i VM i motbakkeløp 14. september. 8,4 km med 733 m stigning. Difor er løpet relevant til å kunne vurdere om løparar i desse klassane er gode nok for ein plass på VM-laget. NFIF har åpning for å kunne ta ut to herrar junior til ( i tillegg til Joel Dyrhovden ) og ei dame senior i tillegg til dei tre som er uttekne ( Anita Håkenstad Evertsen, Kirsten Melkevik Otterbu og Ingunn Weltzin).

Kvasshovden Opp - løypa er nøye kartlagd:
Frå start til mål er dette løpsunderlaget:
1030 meter asfalt
193 meter traktorveg
960 meter asfalt
118 meter dyrka mark
1399 meter driftsveg/traktorveg
3808 meter sti av varierende karakter
Total løypelengde 7508 meter

For kvar 100 høgdemeter har du sprunge så langt:
100 moh. 1840 meter
200 moh 2450 meter
300 moh. 3200 meter
400 moh. 4380 meter
500 moh. 5010 meter
600 moh. 5600 meter
700 moh. 6100 meter
800 moh. 6600 meter
900 moh. 7033 meter
1030 moh.7508 meter. DU er i mål !