Dei fleste tok den rolege varianten, og rusla roleg oppover bakkane i eit makeleg tempo. Dei fekk med seg både flott natur og dyreliv. Etter fargen i munnvikane å dømma, så hadde mange vore på besøk i blåbærlyngen. Sjølv om det var maurtuene som fasinerte dei yngste oppover liane. På toppen var det jo berre å nyta utsikten, for slik ein varm og klar dag har ikkje alle fått på Hålandshovda tidlegare.

Løparane, 14 i talet starta med eit halvt minutts mellomrom. Det vart mykje tung pusting og pesing oppover bakkane, og slike løyper viser fort kven som har trening i kroppen. Dei yngste beviste at dei er sprekast. Sondre Sørheim, som me kjenner frå United-filmen, fekk beste tida til toppen. 15.03 er den 4. beste tida totalt. Og berre35 sekundar bak kom Vegard Å. Bergane, med den desidert beste tida av ein så ung løpar. På 20.21 kom søstera Louise Å. Bergane, og vann dermed kvinneklassen. Ho ligg på 3. plass av dei raskaste jentene, og er berre 13 år.

Totalt sett så er me nøgde med årets løp, og vil nok samla ivrige fjellfolk og geiter til ny dyst til neste år òg.

IF Klypetussen
v/Olav Samland

Resultater
Hålandshovda è toppen
Vinnere: Sørheim og Bergane
Sondre Sørheim og Louise Å. Bergane vant årets løp.