Løyperekorden til Jon Tvedt i Buff Fanaråken Opp blir verna
Deltakarane i Buff Fanaråken Opp 8. august får oppleve eit spektakulært stibyggingsprosjekt utført av sherpaer frå Nepal ! Det er utruleg kva sherpaene har utretta på nokre veker med spett, slegge og rå muskelkraft. Sjå bildene ! Løypa blir mykje raskare og løyperekordane til Jon Tvedt og Anita Håkenstad Evertsen blir ståande til evig tid !
Tekst og foto Christian Prestegård

Løpsleiar Anders Fortun i Buff Fanaråken Opp seier til kondis.no at arrangør IL Fanaråk i Viktig praktisk løpsinfowww.fanaraaken.com har kunngjort at det i år ikkje blir nokon løyperekordpremie fordi det er gjort endringar og store forbetringar av løypa.
Sjå bildeserien nedanfor !

I staden er det sett opp ein ny pengepremie i 2009 på kr. 3.000 til raskaste norske kvinne og mann under 20 år ( d.v.s med fødsdelsår 1995-1990) for å stimulere nyrekrutteringa til motbakkeløping. (Til info er juniorklassa i EM og VM i motbakkeløp 17-19 år ). Denne premien kjem i tillegg til dei øvrige premiane og pengepremiane på tilsaman kr. 36.000.

I tillegg har arrangøren i samråd med fjelloppsynsmannen i Luster endra løypa innerst i Helgedalen der den følgjer grusvegen i svingane opp mot drikkestasjon og ikkje den smale stien. Løypa er om lag 250 meter lenger, men blir totalt sett raskare til topps på Fanaråken 2.068 moh ! Løypa er no 8,6 km lang med 1200 m stigning.

Difor har arrangør IL Fanaråk bestemt at løyperekordane til Anita Håkenstad Evertsen på 1.05.53 frå 2007 og Jon Tvedt på 57.18 frå 2008 blir ståande til evig tid i den løypa som vart nytta frå 2004-2008. Difor vil det f.o.m 2010 bli ny løyperekordpremie dersom nokon spring raskare enn vinnartidene frå i år.
Spektakulært stibyggingsprosjekt utført av sherpaer frå Nepal ! Det er utruleg kva dei har utretta på nokre veker med spett, slegge og rå muskelkraft !
Denne+200+kg+tunge+steinhella+m%E5+melde+pass+for+spettet+til+sherpaen.+Han+f%E5r+det+laus+fr%E5+fjellet%2C..og...+
Denne 200 kg tunge steinhella må melde pass for spettet til sherpaen. Han får det laus frå fjellet,..og...
..deretter+vart+den+kjempestore+steinen+delt+med+slegge+i+fleire+bitar+som+vart+nytta+til+%E5+byggje+trappetrinnn+oppover+det+einaste+staden+eg+sj%F8lv+tidlegare+har+m%E5tt+g%E5+p%E5+alle+fire+for+%E5+kome+trygt+opp.+No+kan+eg+springe+heile+vegen.+Berre+her+sparar+eg+omlag+15+sekundar...og+det+blir+mange+innsparte+15+sekundar+b%E5de+ovanfor+og+nedanfor...Foto+Christian+Presteg%E5rd
..deretter vart den kjempestore steinen delt med slegge i fleire bitar som vart nytta til å byggje trappetrinnn oppover det einaste staden eg sjølv tidlegare har mått gå på alle fire for å kome trygt opp. No kan eg springe heile vegen. Berre her sparar eg omlag 15 sekundar...og det blir mange innsparte 15 sekundar både ovanfor og nedanfor...Foto Christian Prestegård
Sherapene Dawa og Taphen frå Nepal er ekspertar på å byggje stiar med berre hendene. Dei er engasjerte for å forbetre stien opp til Fanaråken.

Det er Statens naturoppsyn ( SNO ) i samarbeid med Fylkesmannen og tilsynsutvalet i Jotunheimen Nasjonalpark som står bak restaureringa av den historiske stien frå Helgedalen i Luster og opp til Fanaråkhytta på 2.068 moh. Fanaråkhytta er den høgastliggjande turisthytta i nord-Europa og eit særs populært turmål. Den 8. august er Fanaråkhytta arena for den største folkefesten så høgt til fjells i Noreg med omlag 600-700 deltakarar som går i mål i Buff Fanaråken Opp.

Det er venta at ekstra mange trimmarar i år vil ta turen opp på Fanaråken den 8. august for å sjå dei omfattande forbetringane og restaureringa av den populære stien.
Den+omfattande+restaureringa+og+forbetringa+av+stien+startar+der+l%F8ypa+g%E5r+inn+i+Nasjonalparken+ved+omlag+1250+moh.+Fram+til+Buff+Fanar%E5ken+Opp+8.+august+er+det+den+brattaste+og+mest+ulendte+delen+av+l%F8ypa+opp+til+omlag+1500+moh+som+blir+handbygd+av+Sherpaene.+Foto+Christian+Presteg%E5rd
Den omfattande restaureringa og forbetringa av stien startar der løypa går inn i Nasjonalparken ved omlag 1250 moh. Fram til Buff Fanaråken Opp 8. august er det den brattaste og mest ulendte delen av løypa opp til omlag 1500 moh som blir handbygd av Sherpaene. Foto Christian Prestegård
.
.
Det var ingen som slo Jon Tvedt dei 3 åra, 2006-2008, han sprang Fanaråken Opp. Løyperekorden hans frå i fjor på 57.18 blir ståande til evig tid i den løypa som vart nytta i 2004 og 2006-2008. Jon deltok også i 2005 då han vann Fanaråken Duatlon.
Vi får dessverre aldri meir oppleve Jon utfolde seg i dei bratte bakkane opp til Fanaråken eller i andre bakkar.

Her ser vi Jon på veg til sitt tredje strake NM-gull i motbakkeløp under NM i Fanaråken Opp 2007
Også løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen frå NM i 2007 på 1.05.53 blir ståande til evig tid. Pga av skader har ikkje vår Verds- og Europameistar i motbakke-fjelløp sprunge løp i år og ho kjem heller ikkje til å springe Fanaråken Opp. Som Jon Tvedt vann Anita Fanaråken Opp både i 2006, 2007 og 2008. I tillegg vann ho Fanaråken Duatlon i 2005.
Denne reportasjen vert avlutta med eit foto frå 1250 moh med ei sterk oppfording til ALLE om å følgje bodskapet på skiltet: FØLG STIEN ! Dette gjeld ikkje berre dei som skal delta i Buff Fanaråken Opp 8. august, men alle som tek turen opp til Fanaråken. Vegetasjonen i området er sårbar og det har vorte eit stort nett av ulike stiar oppover spesielt frå omlag 1100 moh til 1600 moh.

Dei som under løpet ikkje følgjer den merka stien kan bli diska. I år vil arrangøren merka løypa ekstra godt også med raude "Slalomportar" i 50 cm høgde i tillegg til dei raude T-ane og merkeband.

Aldri tidlegare har det vore meir attraktivt å følgje hovudstien. Der sherpane er ferdige meg jobben sin er det ikkje tvil om kor løypa går !
Sjå førehandsreportasje på kondis.no 19. juli

MERK AT ARRANGØREN STENGER PÅMELDINGA I KONKURRANSEKLASSENE TORSDAG 6. AUGUST KL. 16.00 !! Etterpåmelding i trim utan tidtaking er mogeleg også løpsdagen ved start på Turtagrø før kl. 09.00 mot etterpåmeldingsgebyr på kr. 50. Sjå Viktig Løpsinfo !


Sjå også reportasjene frå Buff Fanaråken Opp på Kondis.no:
2008
2007 med NM i motbakkeløp


Og veka etter Buff Fanaråken Opp går Adidas Skåla 1848m rett opp . Også i Skåla Opp løypetraseen er eit omfattande stiprosjekt i full gang. Sjå: www.skaala.no. I dag er det der eit stort dugnadsarbeid som dei nesten 2000 deltakarane der vil få stor glede av. Også OPPTUREN til Skåla blir lettare og raskare