Pressemelding frå motbakkeutvalet i Norges Friidrettsforbund: 

NECON motbakkecup er Norsk Friidrett sin offisielle norgescup i motbakkeløping. Dei utvalde løpa i NECON motbakkecup 2014 og NM dannar grunnlaget for uttak til alle dei internasjonale meisterskapane som EM og VM. I år er mellom anna VM i motbakkeløping i Italia den 14. september årets store høgdepunkt.

Deltakarane samlar poeng basert på resultata i kvart løp i cupen. Fem av dei seks arrangementa vil telja i poengsamandraget for kvar løpar. Deltakarane kjempar om ein premiepott på totalt 80 000 kroner. Eiga resultatliste og premiering gjeld for juniorane.

Femte løpet i årets cup, Storsylen Opp i Tydal i Sør-Trøndelag gjekk den 2. august og vart vunne av Torstein Tengsareid og Kirsten Melkevik.

Det sjette og siste løpet i cupen, Hilleknuten 1209 i Sirdal i Vest-Agder går den 23. august, og arrangøren Gjesdal IL & Nordsjørittet satsar på eit TOPP arrangement. Til no er 428 personar påmelde i konkurranse- og mosjonsklassen, og fram mot løpet vil det nok koma fleire til.

Norgescupvinnar og heimefavoritt, Torstein Tengsareid, Egersund IK, møter sterk konkurranse frå mellom anna norgescup-toar Johan Bugge, Eidsvåg IL. Desse igjen får hard kamp frå skiløpar & Vasaloppet-spesialist, Audun Laugaland, Hjelmeland IL & Team LeasePlan Go, som stiller i spissen for fleire lokale skiløparar og skiskyttarar. På startstreken finn vi òg syklisten og Tour des Fjords-arrangøren, Roy Hegreberg.

I kvinneklassen stiller Kirsten Marathon Melkevik, IL Gular, som før Hilleknuten 1209 ligg på andreplass i norgescupen. Ho vil møta sterk konkurranse frå norgescup-trear og klubbvenninne May Britt Buer, og kanskje dukkar det opp nye motbakkeløpstalent.

Meir info på løpets heimeside


1-Kirsten_Marathon_Melkevik.jpg
Kirsten Marathon Melkevik var først opp til Hilleknuten i fjor, og vil gjera eit nytt forsøk i år. (Foto: Einar Søndeland)