Ingressbiletet er frå Trongjo Opp. Ned går i same løype, og er for gåarar mosjonistar og eliteløparar. 

Maryna sette løyperekord i 2013
I fjor var det Maryna Novik som var mest i fokus. Ho knuste løyperekorden, og kom i mål berre 15 sekund bak herrerekorden. 
Ole Rullestad vann herreklassen etter eit flott løp i den spesielle løypa; 1635 m nedover på asfalt, med mål ca 650 m lenger framme - på flata langs Stordalsvatnet.

Kan Thomas sletta løyperekorden?
Thomas Finshus, dobbeltvinnar sist helg (Trongjo Opp og Skjold på tvers), har signalisert at han tenkjer seg inn til Frette i Etne også komande fredag. Han sette løyperekord i Trongjo Opp, 4. april. No kan han sletta den ti år gamle rekorden til Gunnar Årvik. Men om Thomas truleg er i stand til å sletta rekorden; så må han samstundes vinna løpet. Og det kan koma mange gode løparar som kan gje han peis....

Fin premiering
Kr 300,- til raskaste kvinne og mann og kr 300,- ekstra for løyperekord. Det må vel vera brukbar premiering når startkontingenten er kr 20,-.  tillegg får raskaste kvinne og mann ein liten premie i HardangerBestikk. Og alle gåarar og løparar er med på trekking av mange andre vinstar.

Deltakar-rekord = 10 Flaxlodd
Blir det deltakar-rekord ventar det og trekking av eekstravinst på 10 Flaxlodd


Løyperekordar:
Kvinner:  Maryna Novik, IF Klypetussen     6.44
Menn:     Gunnar Årvik,  Rosendal T&IL     6.29

DSCN3639[1].JPG
Løyperekordsetter Maryna Novik nr 153 ute til venstre.                                           Foto: Gisle Sellevold/Kondis


DSCN3647.JPG
Maalgang med Kondisfaner. Kondis er velkjend i IF Klypetuss-arrangement.           Foto Kondis/Gisle Sellevold

DSCN3636.JPGOg som alltid når Humørlaget inviterer: Alle er velkomne!                                      Foto: Gisle Sellevold/Kondis