2 km er unnagjort og Inge Asbjørn er kommen godt i gang. Halvveges i løpet hadde han håp om å komme inn på same tid som i Jølster der han hadde 3.41.20.



Litt meir merksemd enn på eit normalt maratonløp: NRK Sogn og Fjordane stilte med fotograf på rulleskøyter og ambulansen heldt seg i nærleiken.



Den nyreparerte vegen rundt Kjøshammaren er tilbakelagt. No er det tre km til mål og Inge Asbjørn har hatt det litt tøft ei stund. Siste mila var tøff denne dagen, sa han. På denne siste mila er forutan Kjøshammaren med ujamnt underlag, også ein seig bakke opp til Kjøshammaren.



Maratonmannen frå Hornindal har sentrum og Raftevolds hotell i sikte.



På stadion ventar laurbærkrans og slektningar for å vera med den siste runden til mål.





Eit par meter att, sluttida vart 3.51.35.



Pokalen frå Kondis var den første utmerkinga som vart overrekt. Seinare vart det gåver og talar både frå kommune og idrettslag.



Bjørn Gjerde (t.v.) er næraste rival til Inge Asbjørn når det gjeld talet på fullførte maraton, han sprang sitt 252.maratonløp i Hornindal på 2.59.16. Han hadde ansvaret for overrekkinga, og underteikna (t.h.) sto for talen.



Frå Hornindal kommune kom boka 267 (!) fotturar i Nordfjord.

Frå fleire av talarane vart det understreka at Inge Asbjørn gjer ein stor innsats i idrettsmiljøet lokalt og nasjonalt. For Kondis har han fleire verv, han er nettredaktør for Kondis.no i Sogn og Fjordane, han er leiar i maratonutvalget og distriktsrepresentant for Nordfjord. I tillegg til å vera initiativtakar for Hornindalsvatnet maraton er han aktiv i idrettslagsarbeidet i Hornindal og Nordfjord elles.


Legg inn din gratulasjon på gratulasjonstråden på diskusjonsforumet!
Maraton billedserie 1
Maraton billedserie 2
Halvmaraton billedserie
Lokalsida Romerike
Resultatliste maraton
Resultatliste halvmaraton
Samleside Hornindalsvatnet maraton