Pressemelding fra Undheim IL:

Undheim Ultra 2013

Cecilie Landro satte norsk juniorrekord på 6-timers med 68.367 m.
 

Med værgudane i god lynne, var forholda perfekte for ultraløping på Undheim. For fjerde år på rad klarte Undheim IL å unngå ein hauststorm under eit utvida ultraarrangement. Nytt av året var 50 km og ein 100 km for dei beste løparane.

Løpet starta forrykande med brødrene Risa i duell med kilometertider ned mot 3.45 dei første 3 timane, gjorde at passeringstidene var betre enn dei Jarle hadde i fjor då han sette norgesrekorden. Men eit 6-timersløp er no ein gong 6 timer. Og etter kvart måtte begge brødrene kaste inn handkle med stive bein.

Kanskje var to veker med kvile etter Frankfurt Maraton for lite, kanskje var farten alt for optimistisk. Det er lett å vera etterpåklok. Jarle ga seg på 50 km med eit stivt lår som han har slite med heile hausten. Svein Ove passerte maraton på 2.43.47, 46 km på 3 timer, men etter å ha passert 60 km på 4 timer var låra så mørbanka at han ikkje klarte fullføre.

Derfor låg alt til rette for Carlo Brekken, som sprang inn til ein flott seier med 79,639 km. kun 800 m etter persen frå i fjor. Og med overtråkk etter 70 km pluss to veker sidan maraton må dette seiast å vera eit bra løp. På plassane bak han kom Ole Erik Flatin (73,014 km) og Kjetil Skaret (72,694 km).

I dameklassen vann Elise Hay Opsahl med 70,520 km foran fjorårsvinner Kathrine Sømme (68,712 km) og Cecilie Landro (68367 km). Nivået på damene var kjempebra. Fjerde dame var Johanna Håland med 67,398 km. Desse damene hadde bare dei fire beste mennene foran seg i løypa.

Den innlagde 50 km vart vunne av Jan Tore Nygård på 3.43.23 medan Trygve Watne vann maraton på 3.06.12.

Total var det 54 startane i Undheim Ultra frå heile landet.

Resultater 6-timers inkl. passeringstider

Resulteter 50 km

Resultater maraton

JÆRBLADET


eliseIMG_3745.jpg
Elise Hay Oppsahl fra GTI ble vinner av 6. timers for damer.    Foto: Thomas Hetland

ueland_thIMG_3722.jpg
Shama Inayat og Åsbjørn Ueland.                                               Foto: Thomas Hetland.

brekken_jhIMG_3159.jpg
Carlo Brekken vinner av 6. timers for menn her sammen med Ole E Flatin(72).   Foto: Julie Hansen.


dag_hermann_thIMG_3657.jpg
Dag Herman Abeland stoppet etter maraton.                             Foto: Thomas Hetland.

turid_thIMG_3648.jpg
Turid Veggeland fra Herkules Friidrett.                                                 Foto: Thomas Hetland.

inayat_jhIMG_3033.jpg
Shezad Inayat i M40-44.                                                     Foto: Julie Hansen.

jente_jhIMG_3022.jpg
Cecile Landro inn til ny rekord for juniorer på 6. timers løp.               Foto: Julie Hansen.

k_somme_thIMG_3655.jpg
Katrine Sømme inn til 2. plass på 6.timers for damer.                                  Foto: Thomas Hetland.

mann_jhIMG_3105.jpg
Humøret er på topp hos denne løperen.                                        Foto: Julie Hansen.

odd_g_tveitIMG_3670.jpg
Odd G Tveit i fint driv på høg-Jæren.                            Foto: Thomas Hetland.

risa_thIMG_3880.jpg
Svein O Risa åpnet sterkt men fikk det tøft utover.                                      Foto: Thomas Hetland.

sel_jhIMG_3045.jpg
Harald Sel fra Bryne er en hardhaus som løper mange lange løp.             Foto: Julie Hansen.

sigvald_risaIMG_3495.jpg
Ingvar Risa stoppet etter 50km.                                       Foto: Thomas Hetland.

ueland_jh.jpg
Åsbjørn Ueland fra Varhaug IL.                                                Foto: Julie Hansen.