Mari Veslestul, en aldri så liten legende i norsk triatlonsammenheng, deltok i verdenscupen i ultratriatlon i Bakovci, Slovakia den 20. august. Det var intet mindre enn en dobbel Ironman som skulle gjennomføres. 7,6 km svømming, 360 km sykling og 84 km løping. Alt i ett uten pause så lenge beina holder. En ekstrem utfordring, men ikke for en sprek ung dame fra Telemark.

I verdenscupen er det 10 løp. 7 er doble IM (ironman), en er trippel IM, en er quintuple,
5 x IM, og en er dekatlon, 10 x IM. 

Marie har skrevet litt til Kondis om hvordan døgnet med konkurransen gikk. 
Len deg bak og bli med på hennes "lille" reise her:

Toppen av lukke!

I fjor haust, hengte eg for fyrste gong opp ein målgangsbildet på veggen. Eg hengte det opp for å minne meg sjov på, at den einaste som set begrensingar på målsettingar og draumar og viljen til å nå desse måla – kun skal vere meg sjov.

Dette året, sesongen 2015, trudde eg kom til å bli eit «nedturår». I mitt hovud trente eg så lite at eg ikkje gadd føre treningsdagbok. Vere mamma (kan ikkje heilt sei aleinemamma, for eg har familie og gode venner tett rundt meg), lærar, student, bonde og hobbytriatlet er ikkje ein heilt enkel kombinasjon. Trenings«timane» blei ofte korte intense økter på seine kvelden eller tidlege morgonen. Sett i etterkant vil vel det sei at eg har trent hardt – då kroppen eigentleg er sliten etter lang dag, eller dau som ei sild tidleg på morgonen. Samtidig som dagane mine i seg sjølv er aktive – har kanskje dette vore nøkkel til suksess, for meg?

Det vil vere løgn og sei eg kom i mål på dobbel ultra triatlon med trekvarters økter. I mars/april gira eg opp, og eg såg poeng med å føre treningstimane i kalenderen. Ser eg fekk inn langhelger med jamne mellomrom med 27-32 timar trening. Fjorårets trippel var svært lærerik, og eg jobba konkret og målbevisst med kva som skal skje etter «bading/svømming», næringsinntak, puls og stress  og strategiar på å handtere nedturar.

Sjølv om eg trudde treningstimane var få, gjekk denne våren og sumaren over all forventning. Eg gjekk frå topp til ny topp, i form av godfølelse både med og utan startnummer. På veg til Slovenia var eg svært overbevist om at dette skulle vere MIN sumar. Eg valde å tru at der ikkje finnes ei kvote på kor mange goddagar det er lov å ha i løpet av eit år. Dette SKULLE bli min konkurranse!!! Og makan til døgn har eg aller opplevd før. Det kanskje virke litt ekkelt. Tenk, her sumde eg 7,6 km, sykla 360 km og sprang eg 84,4 km UTAN ein einaste nedtur. Eg var ikkje i nærleiken av å kjenne på følelsen av «dette skø eg aller gjera meir», «høffe gjer eg detta», eller «kanskje eg etterkvør skø vurdere ny hobby». Eg har halde på med triatlon sidan 2005, har 16 ironmandistansar, ein trippel, eit ganske stort utval av halve ironmandistansar, 24-timarsløp, sykkelritt og ultraløp i varierande lengder – men eg har fram til no aldri svevd KUN i flytsona HEILE vegen (ja eg må bruke store bokstavar)! Det er ein fantastisk følelse. Tenk at ein slik dag, eit slikt døgn skulle treffe akkurat under ein slik konkurranse! Nesten uverkeleg for meg.  

Marie_svom_500x375.jpg
Marie, i godt humør og i godt driv på svømmeetappen. Foto: Marie Veslestaul
 

Slovenia tok godt imot oss. Dobbel ultra triatlon er ordentleg folkefest i den vesle byen Bakovci. Høgtideleg (ultralang)opningssermoni på slovensk, med korpsmusikk, og litt fallskjermhopping, gjer innbyggjarane glade og feststemte! Alle deltakarane var glade for at starten var klokka 12 fredag – slik at, om tida gjekk sakte, men sikkert mot kvelds og leggetid, var det mogleg å stille utkvilt til start!  Sjølv hadde eg ein usedvanleg låg kvilepuls, følte meg sterk, pigg og meir og meir motivert (av å sjå nervøse ansiktsutrykk). Eg gleda meg, veldig. Ordentleg god følelse i magen – i kroppen.

Starten på ein ultra er ikkje heilt som starten på ein ironman, eller kortare distansar – der ein ofte kan få litt slik «Titanic» følelse, reddast den som reddast kan, det er verkeleg liv om å gjere… (Slik opplever eg det J ) Stressnivået er lågt, sjølv på dei som symjar fort. Her ute var det god plass for oss alle, og eg fann fort min rytme. Bestemte meg for å stole på min eigen navigasjon og oppleving av fart – utan å la meg påverke av dei andre deltakarane. Det er ikkje i vatnet eg vinn triatlon!

Allereie på symjinga kjente eg at dette var dagen min. Ei stund trudde eg nesten at eg lika å symje!!! Alle strategiane om kva eg skulle få tida til å gå med på, aleine omslutta av dette våte elementet var unødvendige! Eg som hadde bestemt meg for å ikkje trenge å juble for rektig KVAR bidige runde allereie frå start, klara ikkje la vere. Kvar runde vart feira med tommel opp, hipp hurra og breitt glis. Det hjelper på humøret mitt, at eg ser at eg ikkje vil komme til å vere  sist opp, at der framleis var nokon som hadde både to, tre og fire rundar att – når eg kunne setje beina i bakken etter 3 timar og 12 minutt! Laaangt bak alle målsetjingar – men det var ikkje dagen å vere missnøgd. Straumen i innsjøen var lik for oss alle, og svømmetidene vart deretter.

marie_sykkel_500x375.jpg
Marie på sykkel. 360 km til sammen. Foto: Marie Veslestaul


Godt plassert på sykkelen er alt verkeleg fryd og glede. Eg syng songar – høgt! Pulsen er kontrollert på 136, og farten ligg på +- 10 min pr. 5 km! Igjen hadde Nina og eg snakka om at det kan kanskje bli litt vel mykje jubel, om vi skulle dra i gang «hurra» på alle dei 72 rundane – men det er ikkje til å unngå! Eg er jau så lukkeleg! Kroppen fungera perfekt, næring, hovud og systemet spela på lag, sidan eg veit av erfaring at dette ikkje er sjølvsagt, var det verdt å juble! Team Norway skaffar seg etter kvart ganske stor «jubelgjeng», som forventar «hurra», bylje og tommel opp! Dei skulle bare visst kor lukkeleg dei gjorde meg ved å etter kvart gje meg tilnamnet «Mariethemaskin»! Det er veldig små ting som gjev ekstra energi, når eg fyrst er i flytsona. I ettertid kan det virke blærete og «oppblåst», men akkurat denne dagen var det perfekt.

Jamt inntak av næring; kvar tredje runde med mat, i form av loff utan skorpe vekselvis med sjokoladepålegg og smør og salami, seigmenn og sjokoladebitar, samt ny drikkeflaske kvar sjette runde passa perfekt for meg dette døgnet. Under denne konkurransen var der ingen dostopp som tok farten og piffen frå meg (samanlikna med i fjor, då eg måtte ta dopause på kvar bidige runde på både sykkel og løp!).

Humøret vert ikkje dårlegare av å sjå at eg hentar inn runde på runde på dei andre damene, og karane. Innimellom tenkte eg, det kan hende eg går på ein smell – her syklar eg jau fortare enn den eine etter den andre – som GRUSA meg i fjor på trippelen. Men eg klarar ikkje tru at eg skal gå på ein smell når pulsen er så låg. Eg vel å oppretthalde farta, fram til det står att 12 rundar, med tanke på springinga som venta, bruka deretter 20 sekund lengre tid per runde. Pulsen sank til 118! Eg følte meg så STERK! Sjølvsagt endå sterkare når eg oppdagar at eg ganske jamt og trutt et rundar på dame nr to! Eg har ikkje bare tatt ho att, eg har faktisk passert ho ganske mange gonger!

Eg hadde drømt om å kunne setje frå meg sykkelen på natta, slik at eg fekk så mange kilometer i joggesko som mogleg før varmen og solsteika eventuelt skulle setje kroppen min ut av balanse. Fram til dette punktet har vi ikkje tenkt plassering. Basert på erfaring er eg «bare» ein finisher! Eg seier til Nina at eg treng minst ti rundar forsprang på løpinga, om eg skal klare å halde dame nummer to, Sarka Kolbova, bak meg heilt til mål. Endå eit motivasjonselement som taler til min fordel denne dagen…

Då eg satte frå meg sykkelen, etter 12 timar og 37 minutt ca. halv fire natt til laurdag, noko som var tidsmessig innafor drøymeskjemaet, var eg overbevist om at dette var dagen då eg skulle vere ein løpar!

Nattelufta gjer meg lukkeleg! Springe så lenge temperaturen er godt under 20 grader er noko eg kan. God erfaring frå andre løp/triatlon bestemmer eg meg for å setje heilt strek over alt som har skjedd tidlegare dette døgnet. No er det bare løping som gjeld – eg tillèt ikkje meg sjølv å tenke at eg har korkje sykla eller sumd. Målet blir kvar enkelt runde. Kvar runde skal feirast – ordentleg JA, eller HURRA!  Og bak der, kjem tanken – Sarka skal ALDRI få gleda av å passere meg på løpinga denne dagen!

Løping og løping – det handla om å halde eit jamt tempo, jogging som gjorde det mogleg å dytte på med næring utan å måtte stoppe. På kvar runde får eg ny drikkepøse, annakvar runde småbitar av næring: vannmelon, loff med smør og seigmenn eller mørk sjokolade (eg hugsar faktisk ikkje kva eg fekk servert utanom dette)! Og farten var jamn. Eg bestemmer meg for kvar i runden det er lov til å gå, elles skal eg jogge! Og denne dagen er det lett! Det er ein følelse eg ikkje er bortskjemt med – slik at det er lett å nyte livet!

Litt usikker på tid, for det prøvar eg ikkje å ha fokus på – dukkar det opp eit par damer i løypa! Smiler og vinkar, og får etter kvart tommel opp og vink tilbake. Løperundene er forma som ein P – slik at eg har full kontroll på dei andre damene, og dei har kontroll på meg! Gjett om eg får energi av å sjå at me møtast, meir eller mindre på same stad runde på runde!
 

marie_maalII_500x281.jpg
Fornøyd og blid etter å ha kommet i mål. Her sammen med Nina Tveten. Foto: Marie Veslestaul


Fyrste maraton på under fem timar – eg foreslår til Nina at me kjører neste maraton også under fem timar, då blir det så fin tid i mål!!! Ordet maraton blir bare nemnt denne eine gongen, det er bare rundar vi snakkar om! 56 rundar, som har krympa til 26 rundar. Det er LETT! Runde på runde, same tempo – sola plagar meg ikkje denne dagen – eg er glad for å få litt brunfarge på kroppen. Damene bak senkar tempoet – eg smiler endå breiare! Heiagjengen, som i løpet av morgontimane har blitt ganske stor, kan saman med meg starte nedteljinga! Har krutt i beina til å auke tempoet litt, for å sikre tid godt under 26 timar! Dette var min dag!      

Siste runden, med flagget på ryggen – saman med Nina er fantastisk! For ein «ut av deg sjølv» oppleving! 84,4 km på 9 timar og 55 minutt… Tenk at triatlon kan vere så MORO, bare ein gedigen opptur! Krysse mållinja, sjølvsagt er eg så lukkeleg at eg føler eg kan velte av min eigen begeistring… J

TUSEN TAKK Nina! For ein tur me hadde! For eit døgn.  Dette hadde vore umogleg utan deg. Du les behovet mitt heile tida undervegs. Du skjønnar kva eg treng utan at eg treng uttrykke dette høgt. Eg tenker «no hadde det passa bra med ei skive salami», og gjett kva eg får neste gong eg passerer Nina – jo, ei skive med salami. «No passar det bra å ta på lause armar og bein», og Nina har det klart! «Eg bør bytte joggesko» - og dette står klart! Eg får små glade overraskingar – isbitar til nedkjøling på det varmaste på springinga. Cola i staden for Pepsi! Favoritten min – loff, smør og seigmenn!!!  Her gjekk det ikkje noko unødvendig tid på venting! Nina sprang nesten ein maraton dette døgnet for at EG skulle få lov til å leike!!! Tusen takk!
 

marie_pall.jpgSeier og stor pokal. Første skandinaviske som noen gang har kommet på pallen. Foto: Marie Veslestaul.
 

Etter 10 år med triatlon, år med ulik intensitet og målsetting – kunne eg feire med 1. plass i verdenscupen i ultra triatlon. Eg er stolt over kva eg får til. Eg er takknemleg både for helse og kropp – og sjølvsagt uendeleg takksam for familien min, som støttar meg, og som synest dette er ein god måte å bruke fritid og feriar på. Dette er toppen av lukke for meg. Eg gledar meg til åra som kjem!

Eg unner alle å finne sin glede her i livet! Det som gjev toppen av lukke!