Dette seier Knut Arild Maråk i "Geiranger frå fjord til fjell" i ei melding til oss.

Knut Arild fortset:
- Rulleskirennet vert arrangert for første gong 8.juni 2014. Løypa startar ved Geirangerfjorden ved 5 meter over havet og endar etter 21 km på toppen av Dalsnibba, 1476 meter over havet. Pga. tre små nedoverbakkar undervegs er totalt stigning på 1500 meter. 

Vi har gjennom mange år arrangert motbakkeløpet Nibbeløpet og motbakkerittet Nibberittet (sykkel) i denne løypa. I fjor blei dei siste 5 km av løypa asfaltert, noko som har opna opp for muligheta for rulleski i tillegg. Trass i at det vanlegvis er meterhøge brøytekantar mot toppen av Dalsnibba i juni, er det altså rulleski som gjeld i Geiranger denne dagen.
 
I 2013 var det 741 deltakarar totalt i Nibbeløpet og Nibberittet. Dei første har no meldt seg på i Nibberennet men den lange stigninga appellerer nok ikkje til alle. Vi tilbyr dette som ei skikkelig kraftprøve for dei skiinteresserte og ser på 2014 som eit prøveår. Trude Dybendahl er blant dei som har meldt si interesse.
 
Turrennet Nibberennet er et turrenn og går kun i klassisk stil (rullemotstand 2) og har ei dame- og herreklasse. Utøvarane tek med eigne ski. Det er tre små nedoverbakkar undervegs som ikkje utgjer nokon fare. Busstransport tilbake til start etter målgang. -
 
Meir informasjon om: 
Nibberennet og om totalarrangementet Geiranger frå fjord til fjell
(Nibberennet + Nibbeløpet + Nibberittet + Nibbemarsjen)

 
Broytekant_640x424.jpgDen gang det var grusveg og høge brøytekantar. Hele vegen til Dalsnibba er nå asfaltert og er klar til å ta i mot rulleskilutøvarar og syklistar, men og motbakkeløparar og dei som vil gå. Dei som vel både sykkel og løp kan og gjere det.