Runar Gilberg (51) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgDen tyske lengdehopparen, Markus Rehm, som manglar ein fot og difor hoppar med protese, meiner òg at protesen berre får han opp på sitt naturlege nivå. Ironisk nok bruker han likevel protesefoten som satsfot, og persen hans på 8,40 ville haldi til OL-gull om han hadde fått stilt til start i Rio. 

For langt
Det fekk han ikkje. Fordi han ikkje klarte å overtyde Det internasjonale friidrettsforbundet om at protesen ikkje gav han nokon unaturleg fordel. Forskjellsbehandlinga vis á vis Oscar Pristorius, som fekk stille i OL med to protesar av ca. same sorten, var stor. Feilen Rehm gjorde var truleg at han hoppa for langt – det var ein reell risiko for at han kunne vinne. Hadde han nøgd seg med å gjera som Pistorius og haldi seg mellom dei nest beste, er det stor sjanse for at han hadde fått vera med. 

Diskusjonen om protesane er berre like gode som dei beina utøvarane manglar, eller om dei gir ein ekstra fordel, er uansett ganske absurd. Vi veit ikkje kor sterke og spenstige føtene til Rehm og Pistorius ville vori om dei hadde vori intakt, like lite som vi veit kva luftvegane til Wiggins, Bjørgen og Johnsrud Sundby ville vori gode for, dersom dei hadde sett annleis ut. 

Det vi veit, er at både beina og lungene våre er som dei er. Det naturlege nivået er ikkje det vi oppnår med medikamentbruk, og den naturlege spensten min er ikkje den eg får fram på trampoline – sjølv om ei trampoline måtte til om eg skulle bli konkurransedyktig i hoppkonkurransane i OL. 12 cm var resultatet da eg måla den vertikale spensten på plattforma på Idrettshøgskulen for eit par tiår sia. Det er eit så svakt resultat at det gjer meg handikappa i dei fleste idrettar. Eg burde med andre ord fått dopa meg – enten det er med karbonblad eller steroidar – opp til eit normalnivå på til dømes 40 cm.

Spesialutstyr
Sjølvsagt får eg ikkje det. Og like sjølvsagt burde det vera at andre utøvarar ikkje får løyve til å bruke dopingpreparat eller spesialutstyr for å komma opp på eit hypotetisk normalnivå. Vi er slik vi er, og når vi deltek i ordinære idrettskonkurransar, burde ingen få lov til å bruke spesiallaga karbonblad eller medisin som står på dopinglista. 

Så får vi heller stille i Paralympics dersom vi har så store handikapp at vi ikkje er konkurransedyktige i den vanlege idretten. Eller vi kan velje ein idrett der handikappet vårt ikkje har så mykje å seie. Sjølv klarte eg meg hakket betre i ultraløp enn i lengde med den manglande spensten min.

På same viset finst det ganske sikkert betre idrettsalternativ enn langrenn for dei som slit med luftvegar som blir veldig lett irriterte, når dei pressar seg for fullt i kald luft. 

Eller så får vi rett og slett finne oss i å bli plassert der vi høyrer heime på resultatlista. På vårt eige normalnivå – utan bruk av verken kunstig sprett eller dopinglista medisinar.