Jubelbildet (Foto Christian Prestegård) vart teke like før premieutdelinga i målområdet då Kondis' utsendte gratulerte arrangøren med eit praktfullt premiereløp. Arrangør Nissedal IL (v/ leiar John Thronsen) hadde hatt berre 14 dagar på seg til å førebu arrangementet etter at hytteeigar Eivind Halaas tok initiativ til løpet.

Nissedal Kommune er ein "hyttekommune" med omlag 2.000 hytter og Kyrkjebygdheia er eit stort hytteområde med 550 hytter.  Dugnadsånda i Nissedal er framifrå og med god hjelp av løpsentusiasten Helge Reinholt (arrangør av Skuggenatten Opp og Telemarks Tøffaste) blei den fyrste utgåva av Kyrkjebygdheia Opp særs vellukka. Også værgudane var i godt humør.
 

640_MariannRoe_FotoMØ.jpg

Foto Morten Øen. Mariann Roe, Skarphedin (f. 1997) vart raskaste kvinne med vinnartida 40:27. Mariann som kjem frå Bø i Telemark, vart tidlegare i år nr. 2 i juniorklassa i NM i motbakkeløp, som vart arrangert 20 km frå Kyrkjebygda i Skuggenatten Opp. Ho kom også på pallen i junior-NM på 3000 m med 2. plass og i UM med 3. plass.                      

640_Pallen_damer.FotoChrPrestegaard.jpg

Foto Christian Prestegård. Pallen i dameklassa: Frå venstre nr. 2 Solfrid Bråten, SK Vidar (41:20), nr. 1 Mariann Roe, Skarphedin (40:27) og nr. 3 Brita Cesilie Mustad, Langsund TRI (42:00). Det var gode pengepremiar til dei tre på topp i både dame- og herreklassa med kr 5.000 til nr. 1, kr. 3.000 til nr. 2 og kr 2.000 til nr. 3.

640_Nr1_Henrik_Foto_MortenØen.jpg.jpg

Henrik Dønnestad (f. 1996) Gulset IF / Grenland Ski, vart raskaste mann med tida 37,54. Foto Morten Øen

640_PallenMenn_FotoChrPrestegård.jpg.jpg

Foto Christian Prestegård. Pallen i herreklassa. Frå venstre nr.2 Johan Grimstvedt, Nissedal IL (38:39), nr. 1 Henrik Dønnestad, Gulset IF / Grenland Ski, (37:54) og nr. 3 Svein Vestøl, Gjerstad (39:18)
 

640_Topp 3.jpg

For fullstendig resultatliste og fleire foto sjå facebooksida Kyrkjebygdheia Opp
 

640_Stnr46BjørnarHolm_FotoMØ.jpg

Foto Morten Øen. Bjørnar Holm (f. 1998), IL Tørn vart nr. 7 totalt på 43:27

640_Mustad.jpg

Foto Morten Øen. Brita Cesilie Mustad, i mål til 3. plass i dameklassa

640_Jetmund53min med startnr53_FotoChrPrestegård.jpg

Foto Christian Prestegård. Jetmund Berntsen, Dristug, med startnummer 53, sprang i mål på 53 min.

640_63Thronsenog49RøvdeInnspurt_FotoChrPre.jpg

Foto Christian Prestegård. Nr. 63 John Thronsen, leiar i arrangørklubben Nissedal IL og nr. 49 Frank Rune Røvde, Sandefjord sprang likt i mål på 55:43.

640_HelgeiMål.FotoMØ.jpg

Foto Morten Øen: Helge Reinholt sprang med videokamera og filma løpet sitt. Målet var å springe under 50 min. Det klarte han med god margin på 45 sek, og fekk tida 49:15. Helge hang seg på Kondis' medløpande reporter som kom i mål på 48:43. Med den framgangen Helge har hatt dei siste åra, også som ultraløpar, kan det bli ein spennande duell i 2016.

640_CHRimål_FotoMØ.jpg.jpg

Foto Morten Øen: Kondis' utsendte var eldste deltakar i konkurranseklassa med sine 60 år. Eg lista meg forsiktig i mål på tida 48:43 i det einaste "ulendte" partiet (totalt 15 meter) av den 8,2 km lange løypa som gjekk på veg fordelt med omlag 4 km på asfalt og 4,2 km på grusveg. I mål plasserte eg meg totalt som nr. 16 av 36 menn i konkurranseklassa. Som einaste deltakar i 60+ vart det denne gongen ein lett klassesiger. Før løpet skreiv eg på facebook at dette veg-motbakkeløpet er praktfullt for oss som likar å kunne springe heile vegen utan å frykte overtråkk i ulendt terreng. Eg hadde trakka kraftig over ei veke før løpet og var litt hemma av det, men fekk likevel ein praktfull opptur gjennom løypa som gav meirsmak.

640_Markus14år.FotoChr.jpg

Foto Christian Prestegård. Markus Willson ( 14år) FK Jerv i mål på tida 53:08

I dei fleste motbakkeløpa i Noreg er trimklassa den største. Slik vart det også i Kyrkjebygdheia Opp. Av 205 deltakarar som hadde betalt startkontingent, var 157 i trimklassa. Dei tre neste bileta er frå trimklassa:(Foto Morten Øen)

640_TreiTrim_FotoMØ.jpg

640_2dameri trim_FotoMortenØen.jpg

640_ToiTrim_fotoMortenØen.jpg

640_Speaker_Grave_fotoChrPre.jpg

Foto Christian Prestegård. Det var høgt nivå også på speakern. Toralf Grave, ein rutinert mann til denne jobben. Toralf er far til tidlegare landslagsutøvar i kombinert Jan Rune Grave frå nabobygda Vrådal.

640_Arrangørar_John_FrodeogHelge.FotoChrP.jpg

Foto Christian Prestegård. Desse tre får gleda av avrunde denne bildereportasjen med si markering av eit særs velukka premiereløp og ser med glede fram til neste års arrangement laurdag 8. oktober. Frå venstre John Thronsen (leiar i arrangørklubben Nissedal IL)  Eivind Halaas ( Initiativtakar og Hytteeigar) og Helge Reinholt (løpsentusiast, arrangør av Skuggenatten Opp og Telemarks Tøffaste)

For fullstendig resultatliste og fleire foto sjå facebooksida Kyrkjebygdheia Opp