I fjor vart Stian Angermund-Vik den fyrste nordmann sidan 2007 som vann La Sportiva Skåla Opp - det største og mest prestisjefylte internasjonale motbakkefjelløpet i Noreg. Då var mål, for fyrste gong, i løpets 15-årige historie flytta ned frå Skålatårnet 1843 moh til Skålavatnet 1.150 moh. pga av snøvær.  I år er Stian på nytt ein sterk kandidat til å vinne. I år kan Stian bli den fyrste nordmann på 10 år som klarar å vinne i den 8,2 km lange Skåla Opp – løypa med 1814 m stigning frå Tjugen 29 moh til Skålatårnet 1843 moh. 

I 2016 vann Stian VM-gull i Skyrunning Vertikal i Dei spanske Pyreneane. Vertikal-løypene er bratte! Dagen etter VM-gullet i KM Vertikal vann han også VM i Skyrunning Marathon 42 km.  Stian har dokumentert at han er i verdstoppen i Fjelløping/Skyrunning også i år. I mai mnd vann han både Vertical KM i Transvulcania og sette to nye løyperekordar i Veritical KM og Marathon i Zegama. I Marathon forbedra han løyperekorden til Kilian Journet med 3 min. 24. juni vart Stian nr 2 bak Kilian i Marathon Du Mont Blanc.

Løyperekorden er i dag på 1:07:06 og tilhøyrer Ahmet Arslan, Tyrkia (2012), som har seks EM-gull i Mountain Running (både motbakkeløp og opp-og-ned-løp). Stian seier sjølv at denne rekorden er «umogeleg» å slå, men mange trur at Stian er den einaste som kan klare det… I år får han i alle fall god drahjelp. Sjå meir om det nedanfor etter at vi har presentert favorittane i dameklassa.
 

640_Raskastekvinnerogmennfrå2002til2015iSkålaOpp(2).jpg

Det blir tøff konkurranse i dameklassa i år med 3 internasjonale toppløparar som alle tidlegare også har vunne Skåla Opp: Antonella Confortola Wyatt (Italia), Laura Orgue (Spania) og Annie Bersagel (USA), men det er fleire damer som vil kjempe om ein plass på pallen....

 

                               Laura Orgue, (f 1986). Spania. Etter å ha vunne både KM Vertical og 23km Cross i Marathon du Mont Blanc i Chamonix (23. og 24. juni) er Laura også i år ein av favorittane til å vinne La Sportiva Skåla Opp. I 2014 deltok Laura for fyrste gong i La Sportiva Skåla Opp og vann på 1.22.07. Både i fjor og i 2015 vart ho nr. 2. I 2014 vann Laura VM-gull i Skyrunning Vertical KM. I fjor vart ho nr. 2. Laura har i lengre periodar toppa verdsrankingen i Skyrunning Vertical KM. Vertical KM er særs bratte motbakkeløyper med høgdeskilnad på 1000 m mellom start og mål. Løypene kan ikkje være lengre enn 4 km dvs. at løypene har gjennomsnittleg stigning på minst 25 %. (Sjå www.skyrunning.com/rules) Til samanligning er Skåla Opp-løypa 22 % (8,2 km lang med 1814 høgdemeter). 

 

640_Annie.jpg.jpg
Annie Bersagel (f. 1983) USA, vann i fjor Skåla Opp då mål for fyrste gong var flytta ned til Skålavatnet pga uvær.  Annie slo både Laura Orgue og Antonella Confortola Wyatt. Annie er den mest løpssterke av alle i kvinneklassa.  I 2013 vart ho Amerikansk meistar på maraton og i 2006 på halvmaraton. I 2015 vann ho Düsseldorf Marathon på ny pers 2:28:29. I 2014 sprang Annie VM Halvmaraton på tida 1:10:10 og vart nr 13 med 9 afrikanarar føre seg på lista. I Noreg har ho vunne dei fleste motbakkeløpa ho har stilt opp i som Fanaråken Opp, Kvasshovden Opp, Nibbeløpet i Geiranger og ikkje minst Molden Opp som var NM motbakkeløp 2016 (og slo der NM-vinnaren Eli Anne Dvergsdal).
 


					Antonella Confortola Wyatt (f. 1975), Italia. Antonella har vore i verdstoppen innan mountain-running i ei årrekke. Ho har vunne Skåla Opp 4 gonger i 2009 (1.26.35), 2010 (1.23.19), 2011 (1.23.05) og 2015 (1.23.19).  Antonella er alltid ein av favorittane i Skåla Opp. 
 


Eli Anne Dvergsdal (f. 1991) som vart nr 2 i EM i motbakkeløp i 2015 er i år tilbake i toppslag etter skadeproblemer i 2016. I år har ho m.a. vunne Norgescupen i motbakkeløp og for ei veke sidan vann ho Blåmann Vertical i Tromsø Skyrace som er med i verdsserien i Skyrace. Endeleg kan det sjå ut til at Eli Anne kan stille i toppslag på startstreken i Skåla Opp for å forbedre persen sin på 1.30.17 frå 2015 (foto).Eli Anne er frå Jølster i Sunnfjord, men representerer no  IL Gular.
 

640_Karoline_4pl EM2017.Foto_Torun Øvergaard Aarvik.jpg
Karoline Holsen Kyte (f. 1993) frå Førde IL har i år sprunge seg opp i Europatoppen i motbakkeløp med ein sterk 4. plass i EM i motbakkeløp (sjå foto) der ho vart best av dei norske deltakarane. Nyleg dokumenterte ho god form med å slå løyperrekorden til NM-vinnar May Britt Buer i Rimstigen Opp. Tidlegare i år imponerte Karoline med å sette ny løyperekord også i Hovlandsnuten Opp. Sist Karoline sprang Skåla Opp var i 2011. Då vann ho kl. 18år på 1:39. To år seinare vart ho Noregsmeistrar i motbakkeløp for junior. I år har Sogn og Fjordane ei «ny» dame som er med i favorittskiktet i La Sportiva Skåla Opp og som vil oppleve ei kraftig forbedring av tida si frå 2011.  Fotograf: Torun Øvergaard Aarvik

 


May Britt Buer (f. 1977) IL Gular er i år tilbake i toppslag og vann sitt 4 NM-gull i motbakkeløp i juli. Ingen har fleire NM-gull i motbakkeløp. May Britt har 3 sigrar i Norgescupen i motbakkeløp . I Skåla Opp har ho tre 2. plassar  med bestetid på 1.24.58 i 2013 som dette fotoet er henta frå. 

 

640_EmelieForsberg_Foto_Kondis.no.jpg
Tina Emelie Forsberg (f. 1986) frå Sverige er ei verdsstjerne innan Skyrunning Ultra fjelløp. I 2012 vann ho Skyrunner World Series. Tre år på rad frå 2013 til 2015 vann ho Ultraløpserien innan Skyrunning. Emelie er både Verds- og Europameistar i sin idrett Skyrunning. Dessutan er ho i verdstoppen også innan Skimountaineering. I 2014 vann Emelie VM-gull i Skyrunning Ultra og frå 2013-15 vann ho 3 EM-gull. Løpstraseane innan Skyrunning er både opp og ned og ofte i bratt ulendt terreng. Emelie er rå på å løpe bratte unnabakkar, men unnabakkar er det ikkje i Skåla Opp. I samtale med Emelie i fortel ho at Skåla Opp-traseen ikkje er heilt hennar trase, men at ho framover vil trene meir for å springe reine motbakkeløp. Fotoen er frå motbakkeløpet Mefjellet Opp som ho vann 23. juli i år. Foto Kondis.no

 


Anita Håkenstad Evertsen (f 1968) Øystre Slidre IL . Anita er alltid å rekne med blant dei beste sjølv om ho no er 49 år og seier til Kondis.no at ho er langt unna formen frå 2015 då ho vart nr 3 på 1.27.56. Anita vann VM-gull i langdistansefjelløp og EM-gull motbakkeløp 2007. I 2008 var ho på det norske Gull-laget i VM i motbakkeløp. Anita har 4 NM-gull motbakkeløp frå 2005-2008. Saman med Antonella Confortola er Anita mestvinnande dame i Skåla Opp med fire 1. plassar. Ingen har sprunge fortare enn Anita som har løyperekorden i Skåla Opp på 1.20.06 (2008). 

 

Kan det bli norsk dobbeltsiger i herreklassa?


Johan Bugge ( f. 1991 ) Eidsvåg IL. I 2015 kom Johan Bugge start i Skåla Opp etter å ha vunne eit imponerande EM-gull i motbakkeløp. Johan satsa friskt og hadde lenge los på sigeren, men vart nr 3 bak Joe Gray og Stian Angermund-Vik.  På slutten vart det for bratt, sa den løpssterke Bugge på premieutdelinga då han mottok 3. premien. Etter eit tungt år er Johan tilbake i toppslag og vart nyleg beste nordmann som nr 6 i EM i motbakkeløp i ekstrem varme. I NM i motbakkeløp 15. juli vann Johan suverent. 
 

640_DavidSchneider_Skåla2010_Foto_ChristianPrestegård.jpg
David Schneider ( f. 1981) Sveits er ein sterk kandidat til ny topp-plassering i La Sportiva Skåla Opp. Schneider har topp-plasseringar internasjonalt både i orientering og fjelløping. I 2011 vann han m.a. verdscupen i fjelløping. I 2015 vart David nr 2 i EM i motbakkeløp bak Johan Bugge. I La Sportiva Skåla Opp i fjor vart David også nr 2 bak Stian Angermund Vik då mål for fyrste gong vart flytta ned til 1150moh ved Skålavatnet pga værforholda med nysnø på toppen. I 2010 deltok David i La Sportiva Skåla Opp for fyrste gong med ein sterk 3. plass på tida 1:12:50 (foto er frå Skåla Opp i 2010).

 


Jonathan Wyatt (f. 1972) New Zealand. Har vunne Skåla Opp 4 gonger: 2008 (1.08.42), 2010 (1.08.30), 2013 (1.09.39), 2014 (1.08.59). Wyatt har 7 VM-gull i Mountain Running der han har vunne alle greiner både Opp, Opp&Ned og Langdistanse. I år er Jonathan i 45års-klassa, men er framleis ein av favorittane, - det er jo berre 3 år sidan han vann Skåla Opp på 1.08.59.

 

640_RobbieSimpson_Scotland_FotoChrPrestegaard.jpg
Robbie Simpson (f. 1991) Skottland blir outsider i herreklassa.  Robbie kjem frå Skottland og representerer Deeside Runners. Han deltok i Skåla Opp i 2011 som 20-åring, og sprang då på 1:17:58. Det året vart Robbie nr 3 i VM langdistansefjelløp. Etter det har Robbie utvikla seg vidare som topp internasjonal fjelløpar og maratonløpar med 2.15.04 i London Marathon i år. I 2015 vart Robbie Britisk meister i fjelløping og nr 3 i VM i Mountainrunning Up and down. I fjor vann Robbie Jungfrau Marathon som er verdas største motbakkemaratonløp. I forrige månad vann Robbie det internasjonale motbakkeløpet Course Montreux les Rochers De Naye (18.8km / +1600m) og for 3 dagar sidan vart han nr 2 i det prestisjefylte fjelløpet Sierre-Zinal i Sveits. Resultata hans dei siste åra kan tyde på at han no har potensiale til å springe minst 5 min raskare i Skåla Opp enn det han gjorde i 2011 og kan kjempe om ei topplassering.
 


Stian Øvergaard Aarvik (f 1997) IL Gneist, I fjor imponerte 19-åringen Stian med å bli nr 3 i Skåla Opp etter at han vart nr 2 i verdscupløpet Dolomites Skyrace i Italia. I 2015 vart han Europameistar i motbakkeløp for junior og må i år også i år reknast med i tetskiktet i Skåla Opp sjølv om han har vore langt unna toppform dei siste månadene. 
 

Lista over sterke kandidatar til ei topp-plassering er lang. Sjå startlista på www.skaala.no.

I herreklassa må eg også ta med den sist påmelde, Japhet Kipkorir (f.1981) frå Kenya som har vunne Lindingøloppet 3 gonger og har 1.02 på halvamaraton og 2.10 på heilmaraton. På papiret er han den mest løpssterke på flat mark, men Skåla Opp-løypa er bratt. Den har 22 % gjennomsnittleg stigning.​                   Nejc Kuhar (f. 1985) frå Slovenia kan også blande seg inn i tetkampen. Han har dokumentert høgt internasjonalt nivå i bratte motbakkeløp med ma. 1. plass i World Series Vertical KM i Canazei i 2012.​           Joan Freixa, Spania vart nr. 6 i Skåla Opp i den forkorta utgåva i fjor. 

I dameklassa vil eg også nemne to sterke 40-åringar Therese Sjursen, BFG Bergen Løpeklubb og Anne Nevin, Strindheim. Dei ligg som nr. 13. og 15 på all-time-best-lista. Therese har spesialisert seg på å springe bratte motbakkeløp og deltek m.a. i verdsserien i Skyrunning med gode resultat. I Skåla Opp har ho 4. plass som beste resultat og 1.28.48 som pers.  Anne har 5. plass som beste resultat med 1.29.12 som pers. Anne vann for 10 dagar sidan Norseman - verdas tøffaste Ironman-Triatlon. 

Til slutt: SISTE NYTT:  Årets store sensasjon 18-årige Lucia Phillip er påmeldt. Ho representerer Tvedestrand IF. Ho har delteke i to motbakkeløp i år og har sprunge utruleg fort, så fort at dersom ho er like god i Skåla Opp så kan ho ta løyperekorden til Anita Håkenstad Evertsen. I Viking Challenge opp til Gaustadtoppen slo ho Ragnhild Kvarberg med 18 minuttar og Merete Weng med 19 minuttar. Ho blei nr 2 totalt rett bak TorsteinTengsareid som er ein av dei beste motbakkeløparane i Noreg med ma. 14. plass frå VM.  Lucia er intervjua i siste nummer av Kondis som medlemmane får/har fått denne veka.

Les: Storløp til Gaustatoppen av Lucia Philipp i Viking Challenge​


Lucia_Philipp_ingress.jpg
Lucia Phillip på veg mot Gaustadtoppen. Laurdag er ho på veg mot toppen av Skåla på omlag samme høgde over havet. (Foto: Viking Challenge)
 

Det er ikkje lett å spå om framtida, men eg er rimeleg sikker på at dei tre beste damene og herrane i det 16. La Sportiva Skåla Opp er nemnt ovanfor, men kven som blir nr 1, 2 og 3,- det ville eg normalt ikkje våge å spå, men dersom Lucia er i same form som då ho vann Viking Challenge så vinn ho Skåla Opp. Dette blir spennande.