Svalare var aldri Svalandsheia
- Eg tykkjer mest det er for varmt, kjem det frå Odd Gunnar Tveit midt i bakkane opp frå Flakk. Ver: 7-8 varmegrader, vind, regn ovanfrå og vassprut nedanfrå. Antrekk: Stuttbukse og o-sko.
Av Runar Gilberg
Når han spring forbi meg i dei tyngste myrene nokre kilometer seinare, veit eg ikkje om det er regnvatn eller sveitte som renn nedover den senute ryggtavla hans. Men eg kjenner på min eigen pust at det går fort unna. O-skorne hans veit kor dei skulle lande. "Heng på Odd Gunnar", hadde eg sagt til meg sjølv på førehand. "Gjer du det, unngår du å dette ned i dei verste myrhola." Tveit er nemleg like lokalkjent i Svalandsmyrene som det opplysningsdama er i katalogen. Framføre løpet i år hadde han rett nok, i følgje seg sjølv, ikkje vori rundt den 27 km lange gubbeløypa så veldig ofte. Ser ein bort frå det tveitske understatementet, tyder det: "ikkje fullt så mange gonger som for tre år sia." Da, i 1995, var han gjennom runden ikkje mindre enn 60 gonger. Det gir eit snitt på over ein gong i veka, sommar og vinter medrekna. Og det i ei løype som dei beste bruker bortimot to timar på, ikkje når dei trenar, men når dei konkurrerer! Og konkurransen går som kjent ikkje midtvinters når snøen gjerne ligg meterdjup i høgda.
Det er ikkje så lenge eg klarer å hengje på han. Saman med tre-fire andre karar forsvinn han mellom grantrea. Kan hende er forklaringa at varmen ikkje er like plagsam her litt høgre oppe. For kvar hundremeter opp blir det vanlegvis 0,7 grader kaldare, og sia start har vi klatra minst 200 av dei 300 utlova høgdemetrane. Med andre ord er det neppe meir enn fem-seks varmegrader i lufta no. "Atskilleg mindre trykkande, ja," tenkjer eg. Sia eg ikkje lenger klarer å kjenne om eg har kjensle i føtene, går eg ut frå at eg ikkje har det. For ein laga av meir normalt stoff enn Tveit, er 40 minutts samanhengande vassing i rennande isvatn avkjøling god nok. Sia eg ikkje er i stand til å kjenne, ser eg etter at skorne framleis heng på kvar gong dei har vori på djupdykk i myra og surklelyden har vori faretrugande sterk. Dei er med.
Begeret tømmes
Ryggtavla, den sveitteglinsande, ser ut til å vera borte for godt. Men eg har iallfall passert høgste punktet i løypa - knappast meir enn 4-5 grader der - og det er like før begeret med fleire hundre oppsamla høgdemetrar skal tømmas ut. På tre kilometer. På eit underlag av glatte svaberg og regnblaute rullesteinar. Tveit er tøff i myra og inga pyse nedover heller. Men i år møter han sin overmann. Det er ned dei verste skrentane at Gubbevinnaren av 1995, Olav Arnfinn Arneberg, kjem flygande.
- Da kjentes det som om eg stod heilt stille. Eg har ikkje sett verre springing, fortalde Tveit etterpå.
Det er på same viset eg sjølv opplever det når eg utan forvarsel kjenner lufttrykket av avanserande Arneberg. Det er som å sjå alpinisten utføre Hanenkam, gutungen i Magasuget eller fallskjermhopparen i Trollveggen. Reservasjonslaust. 110 prosent satsing. På at føtene av seg sjølv ville finne landingsplass. På at tyngdepunktet ville justere seg etter sensorane i fotsolen. På at ein er så til stades i det ein gjer, at ein ikkje treng å tenkje. Intuisjonen, autopiloten, alle dei innbygde handlingsskjemaa tek over. Det ein har lært og lagra heilt frå ein som unge leika i skogen og klatra på låven blir aktivisert i ein rytme så dristig at den som ser det heile utanfrå, ikkje skjønner at det går an. Men opplevd innanfrå er det krus kontroll og fullstendig tilstadeværing i seg sjølv.
Jan Hoel har utvilsamt fått ein konkurrent. På to-tre kilometers unnabakke fer Arneberg frå meg med godt over minuttet, og eg føler ikkje akkurat at eg heftar sjølv heller. Eg spring like oppunder grensa og veit eg har fire mann framføre meg.
I depotet
Vel kommen ned av bakkane ser eg ein av dei. Odd Gunnar Tveit sit i vegkanten bak ein bil og bytter sko. Hjelparen har vori klar med kniven og kjapt kutta av reimene på o-skorne. Så er det på med lette stafettsko veleigna for dei siste sju kilometrane. Dei er meir lettløpte og inneheld strekk med både kjerreveg og asfalt. Tveit er så å seie ferdig i depotet når eg passerer. Han seier ingenting, aller minst om veret, men helst er det for varmt igjen, for det er det siste eg ser til han før vi er i mål.
Ikkje så lenge etterpå blir eg sekundert. Tredjeplass no, 1.20 bak Arneberg. To kilometer seinare blir vona tent: 53 sekund bak. Kan det verkeleg vera ein sjanse? Seks gonger før har eg sprungi Svalandsgubben, og det er vorti både andre-, fjerde-, tiande- og trettandeplass. Eg avanserer eit hakk til. Sølv er ikkje nederlag, men gull smaker betre. No kan eg sjå Arneberg, og han flyg ikkje lenger. Han spring på ordinært vis. Men spring han sakte nok?
500 meter før mål er eg oppe på sida av han. Han aukar farten og heng på - i 20 meter. Ved målpassering ei kneik og ei flate seinare er forskjellen vorti 43 sekund, i min favør. Eg har vunni Svalandsgubben for første gong, og det kjennes heilt fint. Eg er verken for varm eller for kald. Berre glad. Svalandsgubbeglad.
Blautaste Gubbe på 25 år
Svalandsgubben vart i år arrangert for 25. gong, og som vanleg var skauløpet lagt til siste helga i oktober. Heile hausten hadde det regna over Sørlandet, med stigande intensitet siste veka og eit skikkeleg skyl siste natta. Topdalselva breidde seg flaumdiger utover jorda på Tveit, og landevegssyklistane i Kristiansand måtte leggje om sundagslangturen sin fordi vegen fleire stader låg under vatn. Ja, så blautt var det denne dagen at Gubbeløypa - for første gong i løpets historie - måtte leggjas om. Ein til vanleg nokså uskyldig bekk hadde vaksi seg til ei straumsterk elv, ikkje aldeles ufarleg å kaste seg uti. Løypa vart difor ca. 400 meter kortare og noko lettare fordi den biten som var bytta ut var kronglut sti og den nytta reservetraseen stroken asfalt. Men alt i alt, alle surklande sumpar og botnlause myrhol, alle sleipe steinar og vasstrukne stigar medrekna, var ikkje jubileumstraseen raskare enn tradutgåva. Snarare tvert imot. Dei fleste landa mange minutt bakom både beste- og gjennomsnittstida si. Med andre ord, ein Svalandsgubbe som ikkje kom til å prege adelskalenderen, men som var nett slik dei vil ha han, dei ca. 250 kvinnene og mennene som årvisst gir seg sjølv denne opplevinga: Haustens vakraste mareritt, Råskinnet gonger tre, Birkebeinerløpet i fjerde, ein usedvanleg fin tur over heia.
Adelskalenderen
Opp gjennom tidene har mange gode løparar frå heile landet sett sitt preg på Svalandsgubben. På alle tiders-lista finn ein kjente namn frå både orienterings-, langrenns- og løpsmiljøet. Ingen ringare enn Jan Fjærestad tronar aller øvst.
27 km herrar
|