Røldalsjenta Kjersti Fresvik spring for IL Gular og vert trent av den tidlegare storløparen Arne Risa. Ho har vore god i mange år, men har teke store steg denne sesongen med m.a. flott innsats på 5000 og 10000 m i NM. No vann ho Langs Åkrafjorden på nestbeste tid nokon gong. 41.25 brukte ho på dei 11 sterkt kuperte kilometrane. Well done, Kjersti!

Kjersti_Fresvik_IMG_640_2777.jpg
Kjerst Fresvik, IL Gular på veg til mål etter 11 tøffe km

Bergprisen til Kjerst og Thomas
Etter 2950 m når ein toppen på løypa. Dei siste 2,5 km er samanhengande motbakke. Her er det pris til fyrste dame og mann. Totalvinnarane var fyrst også her. Thomas passerte på 11.27 og Kjersti på 12.32.

Thomas Finshus vann, og persa seg 
Thomas Finshus, Stegaberg IL held godt nivå, og er med på å løfta mange lokale tilskipingar i Sunnhordland og Nord-Rogaland. No var han igjen raskast av samtlege, og kom i mål i einsam majestet på 39.29, ny personleg rekord. 

Thomas_Finshus_mot_maal_IMG_2769[1].jpg
Thomas Finshus, Stegaberg IL forsvarer her fjorårssigeren.


Resultat løp kvinner

Klasse   Startnr. Fornavn Etternavn Klubb Berg Mål
J-17   380 Ellinor Austrheim Haugesund IL   44.33
KS   354 Kjersti Fresvik IL Gular 12.32 41.25
KS   359 Janne Vatnaland Spirit - Stavanger FIK   43.14
KS   347 Kaidy Dale -Privat-   53.30
KS   382 Carina  Hornenes -Privat-   69.55
KV 40-44   350 Monica Rasmussen -Privat-   56.03
KV 40-44   379 Liv Sæbø Stava -Privat-   58.50
KV 45-49   375 Hilde Solland Plassen Haugesund IL   45.50
KV 45-49   376 Kirsti Sønstabø Spirit - Stavanger FIK   48.06
KV 45-49   360 Tove Karbøl Sauda IL   54.18
KV 45-49   378 Herborg Lothe Stava Haugesund Triathlonkl,   58.50
KV 50-54   371 Astrid Espeland Sauda IL   57.00
KV 50-54   384 Jane  Myhre -Privat-   57.46

 

Resultat løp menn

Klasse   Startnr. Fornavn Etternavn Klubb Berg Mål
G-14   385 Matias Berge Stegaberg IL   43.38
G-18   351 Niklas Rasmussen -Privat-   48.50
MS   386 Thomas Finshus Stegaberg IL 11.27 39.29
MS   346 Johannes Dale -Privat-   44.26
MS   352 Mats Rasmussen -Privat-   44.42
MS   353 Ørjan Løhaugen IF Klypetussen   46,32
MS   370 Johannes Selvik Tornes -Privat-   46.53
MS   369 Sindre Ekornrud -Privat-   47.50
MS   373 Kjetil Nygård Seljelid -Privat-   51.34
MS   357 Henrik Kolstø Hansen Skånevik Fjordhotell   60.58
MV 35-39   365 Inge  Lundervold -Privat-   56.03
MV 35-39   358 Jacek Marian Armatynski Skånevik Fjordhotell   62.27
MV 40-44   349 Tor Arne Sandvik IF Klypetussen   42.49
MV 40-44   372 Einar H. Hauge Team Eindun   45.53
MV 40-44   377 Svein Åge Mikkelsen -Privat-   47.40
MV 40-44   361 Jan Erik Fedje Etne IL   50.49
MV 45-49   381 Arild Austrheim Vindafjord IL   47.02
MV 50-54   366 Hans Rune Eikeskog Stegaberg IL   47.55
MV 50-54   355 Jens Tjøsvold Statoil B.I.L.   49.42
MV 50-54   356 Anders Tjøsvold Haugesund IL   56.21
MV 50-54   383 Per Rune Kolås -Privat-   60.29
MV 55-59   363 Kjell Otto Gard Stegaberg IL   44.45
MV 55-59   374 Arnstein Arvesen -Privat-   54.36
MV 60-64   362 Harald  Måge IF Klypetussen   54.44
MV 60-64   348 Gisle Sellevold IF Klypetussen   69.07
MV 65-69   364 Sverre Aksland Stegaberg IL   46.37
MV 65-69   367 Skjalg Duesund IF Klypetussen   50.47
MV 70-74   368 Gunvald  Gundersen IF Klypetussen   57.55
MV 70-74   345 Øystein Eide Eskeland Stord T&IL   58.02


RESULTATER 11 KM LØP


Resultat rulleski

Klasse: Nr. Startnr Namn E-namn Klubb Føds.år MÅL
  KVINNER:        
               
J-14   14 Ragnhild Aarekol Vindafjord IL 2001 16.29
J-12   12 Aurora  Aarekol Vindafjord IL 2003 20.18
               
  MENN:        
               
G-15   3 Håvard Jårvik Djuve Sauda IL 2000 16.38
MV 41-45   5 Terje Aarekol Vindafjord IL 1974 17.19
G-10   13 Tage  Aarekol Vindafjord IL 2005 23.09


RESULTATER RULLESKI


Ruskever og flotte løpstilhøve...
Sjølvmotseiande mellomtittel? Nei. For på morgonen og i timane før løpsstart var det styrtregn og sterke vindkular. Likevel var det 13 jenter og 29 gutar som møtte opp for å springa på tid. Nivået i jenteklassen var gledeleg høgt. Berre i 200... då Ingrid Kristiansen vart nr 5, har det vore høgare...

Det var for andre år på rad lagt inn rulleskirenn. Ruskeveret skremte nok ein del, berre 5 tøffingar stilte opp. Men tilskiparane i IF Klypetussen er visst viljuge til å prøva også neste år. Men også her var det gode prestasjonar.

Under sjølve mosjonsløpet var det nære på vindstille og 16 varmegradar. Det må karakteriserast som gode løpstilhøve som fleire skulle ha fått oppleva langs den vakre fjorden.
I alt 134 deltakarar på gamle E 134.

Løyperekordane overlevde
Laban Siro, IF Klypetussen og Kenya er den suverent største idrettslege prestasjonen i Langs Åkrafjorden. 33.35 på 11 sterkt kuperte km (2011) har dobbeltvinnar av m.a. Midnattsloppet i Gøteborg (10000 deltakarar). Maryna Novik, IF Klypetussen klarte i 2014 endeleg å sletta den lengelevande rekorden til Miriam Berg Hovda. Rekorden er på 40.33.

Kjersti Fresvik fekk i år 41.25, og Miriam er no på 3. plass på den sterke lista, med 41.28. 

Tilsvarande for herrane er:
1. Laban Siro, 33.35 2. Francis Kipketer Chesumai, Kenya (vinnar av Montreal Marathon 34.39 og 3. Rasmus Stølsmark, GTI Stavanger 35.25.

Fullførte tre månader etter fødselen
Carina Hornenes debuterte i Langs Åkrafjorden i 2014 med ei tid rett over 60 minutt. Etter fødselen av Livia 9. juni 2015, har ho hatt éin treningstur på 6 km. Ho fortalte at ho hadde gangsperr i tre dagar etter den turen. No vona ho å klara under 75 minutt. 69.55 vart det, så ho klarte målet med glans! Godt levert! Ho var til god hjelp for Kondis sin løpande reportar som slepte å løpa aleine. 

Familien Rasmussen kom frå Avaldsnes i regn og vind
Mini-intervju med Monica Rasmussen:
Hei, beklager at vi dro før vi fikk snakket med deg. Vi var våte, og måtte få på oss tørre klær før hjemturen. Sender deg derfor svar på spørsmålene her.                                             

 1: Traseen var kjekk, litt tungt til å begynne med, men det ble lettere og det gikk bra.
Fin løype i flotte omgivelser.

2: Arrangementet var bra, det er jo et forholdsvis lite løp når vi ser på antall løpere, men vi likte det alle tre.
                           
3: Vi ante jo ikke hva vi gikk til når det gjaldt dette løpet i og med at det var første gang vi deltok. Men vi hadde jo satt oss noen mål og de klarte vi alle tre med god margin.                 

4: Våre to gutter på 18 og 20 år spiller til daglig fotball i 4. divisjon på Avaldsnes, så de har jo alltid vært aktive.Min mann begynte å løpe maraton i 2011, den gang i Oslo. Jeg var med som tilskuer, og tenkte da at dette vil jeg og gjøre. Med null løpe-erfaring, så begynte jeg så smått med løping. Deltok i halvmaraton i Oslo 2012. Løp min første maraton i Oslo 2014. Løp min andre maraton i Paris 2015. Neste år skal jeg løpe maraton i Paris i april, og skal delta i min første Ironman i Haugesund i juli. Treningen er noe vi alle i familien setter høyt, så du kan vel si at vi er en travel og aktiv familie. Noe vi trives veldig godt med.                                                         

5: Vi håper å komme tilbake neste år, da med pappen med på laget (han var i Nordsjøen og kunne ikke være med) 

Hilsen Monica Rasmussen

Kondis takkar hjarteleg for at Monica tok seg tid til å svara utfyllande på våre spørsmål. 
Her er dei flotte resultata til familien Rasmussen:
Nr 1: K 40 - 44: Monica Rasmussen, Avaldsnes IL 56.03
Nr 1: G-18:      Niklas Rasmussen,  Avaldsnes IL 48.50
Nr 3; MS:        Mats Rasmussen,   Avaldsnes IL 44.42

IMG_2731.JPG
Styrtregn og stormkast før løpet.

IMG_2732.JPG
Verkeleg surt, - men det var før løpet.

Svein_Helge_Gullhaug_640_IMG_3014.jpg
Sykla ut tidleg, men fyrstemann i mål er fyrstemann i mål: Svein Helge Gullhaug glad og nøgd.

1-IMG_3080.JPG
Veteranprat. Frå venstre: Harald Måge, Gunvald Gundersen, Berit Ekkje og Skjalg Duesund har tydelegvis hatt ein god dag. 

Sauer_IMG_640_2763.jpg
Om me tek med alle geitene som gjekk langs løypa, så blir deltakartalet riktig stort.

1-IMG_3082.JPGDesse kan meir enn å laga mat. Dei er kokkar på Skånevik Fjordhotell.

1-IMG_3081.JPGMor og dotter. Utan fdugnad stoppar Idretts-Noreg. 

IMG_2738.JPG
Johannes Dale melder seg og kona på til ivrige funksjonærar

IMG_2733.JPG
Arrangøren IF Klypetussen har gjort seg føre med fine skilt.

IMG_2760.JPG
13 idrettslag pluss mange "Privat" var representerte i "Langs Åkrafjorden" 2015.

IMG_2784.JPG
Tor Arne Sandvik (40 - 44) frå arrangørklubben IF Klypetussen forbetra seg kraftig, og vart nr 2. 
Bileta tekne av Trygve Gunnar Bjelland Henriksen og Gisle Sellevold for Kondis.