Runar Gilberg (49) er redaktør for bladet Kondis. Han har hovedfag fra Norges idrettshøgskole og har i en årrekke vært trener i Sportsklubben Vidar. Gilberg er med og arrangerer Rallarvegsløpet, og han har sjøl løpt alt fra 800 m til ultraløp med 2.28.37 som bestetid på maraton



Vignett-kondiskommentaren.jpgHandhelsing og klemming er nærmast tabu. Somme går meir drastisk til verks og held seg unna både kinosalar og kollektivtrafikk frå tidleg haust til sein vår.

Sjølv fråhaldsmannen Ole Einar Bjørndalen gurglar vodka og konjakk om kvelden for å drepa potensielle bakteriar. Da han sist sommar vitja familien heime på Simostranda, åt han måltida sine i bubilen – for å unngå å bli smitta av slektningane sine. 

Karantene
Chris Jespersen gjekk òg drastisk til verks etter Tour de Ski. I staden for å reise rett heim til sambuar og dotter, gav han seg sjølv karantene og budde på hotell på Gardermoen medan immunforsvaret styrka seg etter den krevjande skituren. I juleferien flytta han ned i sokkelleiligheita da sambuaren var forkjøla.

Dei tre siste vekene før VM var Jespersen enda meir striks, og han unngjekk all direktekontakt med sine to kjære som begge hadde influensa. 

– Savnet er veldig stort, men jeg kunne ikke ta noen sjanser på å bli smittet, fortalde han til NRK under VM. 

Da Bjørn Dæhlie tok oppdraget om å bli best i verda som mest alvorleg, budde han i campingvogn eller let ungane sine bu hos slektningar dersom dei vart sjuke i oppkøyringa til meisterskapa – for at han sjølv ikkje skulle bli sjuk.

Høg hest
Eg, som knapt har brukt tid på familie og berre unntaksvis har kjempa om VM-medalje, skal ikkje plassere meg opp på nokon høg hest og seie at det er feil av skiløparane og prioritere medaljar framføre familie og vennar. Det får bli deira val. 

Men det eg kan seie, er at eg trur dei hadde tent på å ha eit litt meir avslappa forhold til det å bli sjuk. For ofte fungerer vi slik at jo meir vi tenkjer på kva vi ikkje skal bli, jo lettare blir vi det. Renner eg på skareføre ned Vestsidevegen på ski og byrjar tenkje at no må eg ikkje dette, så aukar det faren for fall. Jo reddare eg er for ikkje å få sova om natta, jo større er sjansen for at eg blir liggjande vaken. Jo mindre eg trur kroppen min toler av sosialt samvære og basillar, jo mindre skal det til for at eg blir sett ut av spel. 

Dei som derimot har eit robust sjølvbilete og trur at dei toler, toler gjerne mykje meir. 

Etter mange vintrar utan både forkjøling og influensa vart eg no i februar slegen ut med feber og andre influensasymptom. Men i motsetnad til Martin Johnsrud Sundby var eg litt lei meg for at sjukdommen ikkje kom under VM.