PRESSEMELDING:

Motbakkeløpet Skåla Opp er fullbooka for lengst, men har du ein BMI på over 30 får du no ei gyllen moglegheit til å bli vinnar av historias første BMI klasse på Skåla Opp. 
Du må reikne med å bli målt og vegen før start, og premien som arrangøren lokkar med er gratis grillparty i Alexandra hagen etter løpet og ein utstyrspakke frå La Sportiva.  

Deltakinga på Nord Europas tøffaste motbakkeløp har auka jamt og trutt frå 360 første året i 2002 til drøyt 1800 fullførande spreke Skålaentusiastar på fjorårets arrangement. 

Då arrangøren opna for påmelding i fjor haust, blei konkurranseklassa fullteikna på to dagar! 
Så om du ikkje fekk meldt deg på då og kanskje har trimma litt for lite siste halvåret, kan det no kanskje by seg ei anledning for deltaking allikevel!

Arrangøren har opna for påmelding i ei eiga BMI klasse, og gjer merksam på at her kun er 20 plassar tilgjengeleg

For ordens skuld; om du er 180 cm høg må du vege ca 97 kg for å ha ein BMI på 30!     

Resultata blir utreikna ved å dele antal minutt på BMI. 
Dei med høg BMI kan altså bruke noko meir tid enn dei med låg.

Skåla Opp, for folkehelsa !

Meir info på www.skaala.no

Sjå fleire bilete på samlesida for Skåla Opp