Tekst: Hans Kristian Stadheim
 

Lyn Ski senior hadde i forkant av Hellesyltløpet hatt ei sju dagar lang treningssamling i Sunnylvsbygda og stilte mannsterke opp med mål om å sette ny løyperekord i det 6,6 km lange terrengløpet. Henrik Bakke frå Lyn Ski klarte nettopp dette med tida 21.15. Dette var fattige 1 sekund raskare enn den tidligere rekorden til Anders Mølmen Høst (Lyn Ski) sett i 2012. Også på dei andre pallplassane fann ein to skiløparar frå Lyn, nemleg Jonas Frorud og Anders Høst. 

I jenteklassa blei det også ny løyperekord, sett av Kjersti Fresvik på tida 24.12. Solveig Hegstad Krüger (Lyn Ski) var nærmaste løpar på andreplass, mens tredjeplassen blei kapra av ein annan langrennsløpar gjennom Ingvild Øye (Hovdebygda IL). 

Som ein ser av resultatlista, spesielt i herraklassen, så sette Lyn-løparane sitt preg på den øvste delen av resultatlista. 13 av dei 15 første mennene i mål representerer Oslo-klubben. 

 

Kvinner      
1 Kjersti Fresvik, Gular  24:12,0 00:00,0
2 Solveig H Kruger, Lyn Ski  25:03,6 00:51,6
3 Ingvild Øye, Hovdebygda  25:55,3 01:43,3
4 Ingrid Kristensen, Gular  26:32,8 02:20,8
5 Kristin Hjelstuen, Lyn Ski  27:21,0 03:09,0
       
Menn      
1 Henrik Bakke, Lyn Ski  21:15,0 00:00,0
2 Jonas Frorud, Lyn Ski  21:16,0 00:01,0
3 Anders Høst, Lyn Ski  21:17,0 00:02,0
4 Kristian Nedregård, Spjelkavik  21:24,4 00:09,4
5 Sondre Grønvold, Lyn Ski  21:34,0 00:19,0
6 Johan Tjelle, Lyn Ski  22:11,0 00:56,0
7 Anders Aa Resell, Lyn Ski  22:20,0 01:05,0
8 Fredrik Ole O. Andersen, Lyn Ski  22:30,0 01:15,0
9 Harald Wright, Lyn Ski  22:33,0 01:18,0
10 Fredrik B Schwencke, Lyn Ski  23:00,0 01:45,0


Alle resultater

Hellesyltloepet-1_foto_Fredrik_Stadheim.jpg
Det er like før starten går for den 29. utgåva av Hellesyltløpet. (Foto: Fredrik Stadheim)