Eit av dei flottaste løpsarrangement i landet
Kondis har vore til stades kvart år sidan starten i 2011. Og her er mange innfallsvinklar for ein bra reportasje. For tilskiparane i Skjoldastraumen bygdelag gjer alt rett. Difor kjem folk att år etter år, i tillegg til heilhjarta støtte av bygdas eigne folk. 

Anders Aukland - ein av dei aller største 
Sjå på denne lista: (frå Wikipedia)

Øvelse Tid År
400 meter 55.14 1990
800 meter 1:55.13 1996
1500 meter 3:46.79 1992
3000 meter 8:02.77 1994
5000 meter 13:57.6 1992
10000 meter 29:45.85 1997
3000 meter hinder 8:50.08 1993


Tidene på alt frå 1500 m til 10000 m hadde halde til gull i NM friidrett mange år, om han hadde prestert dei der og då. Han har vunne NM i hundekøyring, og er noregsmeister i Duathlon (sykkel og løp). 

Han har sjølvsagt fått høgaste utmerking ein idretssutøver kan få i Noreg, nemleg Egebergs ærespris. Topp internasjonalt i ei øving og topp nasjonalt i ei anna øving. Ein av dei største idrettsmenn i Noreg gjennom alle tider kjem til Skjoldastraumen sundag 6. september. Ta med kamera og autografblokk.....

Anders Aukland (født 12. september 1972 i Tønsberg) er en norsk langrennsløper og friidrettsutøver fra Tønsberg i Vestfold. Han er broren til Jørgen Aukland og Fredrik Aukland.

Han er medlem av Oseberg skilag. Han ble olympisk mester i 2002 sammen med Thomas AlsgaardFrode Estil og Kristen Skjeldalpå 4 x 10 km stafett. Da han vant Vasaloppet i 2004, ble han den andre nordmannen gjennom tidene som vant dette skiløpet, 33 år etter at Ole Ellefsæter vant i 1971.

10 km x 2 vakker veg
Det er to stader ein kan ta av frå E-134 med veg ned til Skjoldastraumen. På begge vegane køyrer ein gjennom vakker natur. Difor råder Kondis folk til å vera ute i god tid. Køyra éin veg til Skjoldastraumen, og den andre på returen. 

Barneløp, kafé og fenomenal rame rundt Sluseløpet
Her er det barneløp, lgod kafé, flott og krevande trasé, der start, passering halvvegs og mål er ved den einaste aktive saltvanns-sluse i Noreg. Og så ein idrettskjendis, dei lokale løparane kan prøva seg mot. Morten Velde til dømes. Han har nett annonsert at han gir seg med baneløp. han har solid treningsgrunnlag og løyperekorden i Sluseløpet. Kjem han, kan han tukta Anders Aukland som i tillegg til skiløpar i verdsklasse, er ein særs god løpar med fleire NM-gull også i friidrett. Er Anders Aukland på rett veg etter uhell i mai...?

sluse  - born og hanevold.pngBorna måtte læra kven kjendisen er, men ungdommar og vaksne visste det var Halvard Hanevold

sluse - thomas vs thomas.png
Løpsgründer Thomas Finshus mot Thomas Alsgård var eit spennande oppgjer som Thomas...vann.

sluse - startfelt.pngFyldige felt legg ut på 4,5 km kupert trasé på asfalt, grus og litt gras.

sluse - stian vestbø.png
Stian Vestbø - ein av dei mange gode løparane som har sett farge og nivå på Sluseløpet.

Sluse 8.jpgFyldig også barnefeltet. Like ivrige som dei vaksne - minst!

Sluse 15 Thomas og Olaf Tufte.jpgOlaf Tufte gjorde heller ikkje bort seg... Til venstre Eivind Tore Langelandsvik - den andre løpsgründaren.

Sluse 12.jpgSluseløpet er folkefest.

Sluse 3.jpgMaskotar er vel ikkje til å unngå når ein lagar til for ungar...

Sluse 11 Skjalg.jpg


Sluseløpet løypeprofil-1024x224.jpg
Løpstraseens høgdekurve


Sluse løypekart-2014-1-1024x635 (1).jpgSame procedure every year.... Skjoldastraumen bygdelag gjorde grundig førearbeid før fyrste løp i 2011. Det tyder at løypa er den same kvart år. Då kan ein samanlikna seg med seg sjølv. Sette eg ny pers...?

SLUSELØP2015_plakat.jpg