Ingress-bilete: Thomas Finshus og Thomas Alsgaard i Sluseløpet 2012

Trekkplasteret 7. september 2014: Olaf Tufte

Sundag 7. september kjem Olaf Tufte til den fjerde utgåva av Sluseløpet i Skjoldastraumen i Tysvær kommune. Frå E-134 og dei 10 km sørover ned til Skjoldastraumen, er det saktekøyring. Grunn: utruleg vakker natur. Også i sjølve Straumen (som lokalfolket seier) er det vakkert. Kamera bør vera lett tilgjengeleg. 

2009 Olaf Tufte.jpgOlaf Tufte veit litt av kvart om trening! OL-gull i roing krev enormt med trening. Knallhard trening over fleire år. No kjem han som årets store trekkplaster for Sluseløpet 2014.
 

Kl 1200: Trimklasse der ein kan testa formen og  helsa, og gå den eine nullen på 2,5 km, eller heile åtte-talet på 4,5 km. Trimklassen har ikkje tidtaking. Det blir trekt ut flott premie på start-nummeret.
 
Kl 1400:  Barneløpet 400 m.  0-11 år, der alle får medalje, som blir delt ut av Olaf Tufte og ei lita overrasking.
 
Kl 1500: Konkurranse for dei som kjemper om pallplass, slå naboen, kompisen,  eller sin eigen sluseløps-rekord.  4,5 km totalt. Her er det også mogeleg å testa seg mot Olaf Tufte :)

Barneløp med over 100 deltakararsluse - born på pallen.jpg
Her får ungane prøva seg på pallen. Glade ungar kjem att som vaksne.         Arkivbilete: Kondis

sluse  - born og hanevold.pngTrekkplasteret (i fjor Halvard Hanevold) delar ut medaljar. Dei små får bilde saman med helten (til foreldra). Arkivbilde: Kondis

Fin løype, sa Halvard Hanevold
På spørsmål frå Kondis ga Hanevold ei fin skildring av løypa. Opp og ned med krevande bakkar. Fin trasé både for løparar og publikum, i og med at ein kom ned til start halvegs,og fekk ei ny sløyfe på andre sida av slusa. Då slepp ein å løpa same runde omatt. Ei løype som passar godt for langrennsløparar.

Elles må Kondis få føya til at Halvard Hanevold var ein særs omgjengeleg kar, og eit scoop for arrangørane i Skjoldastraumen Bygdelag.


sluse - thomas vs thomas.png    
Thomas Alsgaard prøvde seg på Thomas Finshus i 2012-utgåva, men vart slått.
Men fyrsteplassen kom Stian Vestbø. Foto: Kondis

Rekordhaldarar i Sluseløpet.jpg
Maryna Novik, IF Klypetussen og Morten Velde, Haugesund IL sette løyperekord i 2013. Foto: Kondis

Sluseloepet_logo_bred.jpg

Thomas Finshus og Eivind Tore Langelandsvik er grunnleggarane av Sluseløpet.