Funksjonærløpet tysdag 2. september var rekordstort med 17 jenter og gutar, under heilt perfekte tilhøve denne kvelden. Alt tyder på at arrangøren Skjoldastraumen bygdelag i Tysvær, har alt under kontroll. 

Korleis kjem ein til Skjoldastraumen?
Frå Haugesund tek ein riksveg 515 mot Nedstrand. Etter 11.5 km kjem ein til sentrum av Straumen som det heiter lokalt. Kjem ein vestfrå, er det skilta mot Skjoldastraumen via riksveg 513, også det 11.5 km. 

Saktekøyring
Begge vegane byr på vakker natur. Det er mange, mange fotomotiv før ein kjem fram til Skjoldastraumen. Éin veg til Skjoldastraumen, og den andre heim att vil Kondis anbefala dei som har god tid.
På riksveg 513 kan ein også ta ein kort avstikkar til Åmsosen. Her på den avsides og lite kjende staden ligg ein milliardverksemd Hatteland Elektronics.

Sluseloep_funksjonaerer_DSCF6061.jpg
Tirsdag var det funksjonærløp med hele 17 deltakere. Her er mannfolka klare til start.

Olaf Tufte trekkjer folk, trur Kondis
2009 Olaf Tufte.jpg
Omtalen av Sluseløpet ligg blant dei fem mest lesne oppslaga på www.kondis.no. Sannsynlegvis er det trekkplasteret Olaf Tufte som trigger interessa. Kva kan roaren Tufte klara på ein tøff 4.5 km på variert underlag, asfalt, grus og gras? Han har gått knallgodt i Vasaloppet på ski, der han får brukt sin enorme armstyrke. Men vanleg gateløp? Time will show, men det er slike spenningsmoment ein arrangør kan spela på. OL-meister i roing - ingen smågut Skjold bygdelag har spandert på seg.  

Løyperekordar:
Kvinner: Maryna Novik, IF Klypetussen 14.24
Menn:    Morten Velde,  Haugesund IL  17.34

P.S. Her kan nemnast at Stian Vestbø som hadde rekorden, følgde Morten til døra i 2013, og noterte 14.25.


Rekordhaldarar i Sluseløpet_581x601.jpg
Maryna Novik og Morten Velde. 

Maryna er oppteken med NM halvmaraton i Knarvik-mila denne helga, og kjem sannsynlegvis ikkje, men kanskje kjem Hanne Steinstø som har slått Maryna klart på 5000 m tidlegare i år. Då er det ikkje usannsynleg at Kondis brukar bilete av Hanne neste år. Og arrangøren kviskra Kondis i øret om at enda ei sterk dame, kan vera i kjømda.. Og då kan det vera to jenter under den gamle løyperekorden. 

Sluseloept_Annonseplakat2014.jpg