Siger til Joachim Brøndbo og Anita Buarøy Stenevik
Det tradisjonsrike Esefjorden Rundt vart arrangert 1. mai med 42 deltakarar som sprang på tid. Det er ein liten framgang frå i fjor då vel 30 var med, men langt færre enn i 2004 og tidlegare år.
Anita+Stenevik+og+Joachim+Br%F8ndbo.+Foto%3A+Sogn+Avis%2FRenate+S%E6le.
Anita Stenevik og Joachim Brøndbo. Foto: Sogn Avis/Renate Sæle.
Løpet hadde langvegsfarande vinnar i herreklassen der Joachim Brøndbo frå Mosvik tok ein klar siger på 26.25. Løpet er 8.4 km langt, men ein lei motvind gjorde at tida ikkje vart endå betre. Ein annan ungdom, Øyvind Heiberg Sundby, som no spring for Tjalve, men opphavleg frå Leikanger, vart nr 2 på 28.24. Ikkje langt bak han kom evigunge Kjetil Dyrvik, Voss, på 28.33. Han spring i klasse 40-44.
Elles hadde Olav Terum frå Aurland den sterke tida 30.53 i klasse 45-49 og Helge Brekke, AKS-77 i 65-69 fekk tida 34.39.
I dameklassen vart sigersrekka til Hilde Mæhlum frå Vik broten, og første dame i mål var Anita Buarøy Stenevik frå Florø på 35.28. Men Hilde slit med ein strekk og tok med ro for ikkje å ta nokre sjansar 14 dagar før Holmenkollstafetten. Der har Vik-damene ambisjonar om å hevda seg i teten i klasse 9 etter nedrykket frå eliteklassen i 2005.
Ein lei motvind gjorde det litt surt for deltakarane, men elles var det ein fin dag for dei som tok turen frå Dragsvik til Balestrand.
Resultatliste på:

www.esefjorden-rundt.net/
Anita+Stenevik+i+innspurten.+Foto%3A+Sogn+Avis%2FRenate+S%E6le
Anita Stenevik i innspurten. Foto: Sogn Avis/Renate Sæle
Tekst: Arne Inge Sæbø